Wenche Myhre
Wenche Synnøve Myhre, i nokre land kjend som Wencke Myhre, (fødd 15. februar 1947) er ein norsk songar og skodespelar frå Kjelsås i Oslo.
Innhaldsliste |
Songar[endre]
Wenche Myhre voks opp på Kjelsås, og gav ut sin fyrste singel allereie som trettenåring, i 1960, med namnet Åh, det er søndag. I 1963 kom det fyrste albumet hennar ut, med namnet hennar som tittel. Dette vart den fyrste av fem album ho gav ut i sekstiåra, og fram til i dag har det vorte gjeve ut over 70 plater med Wenche Myhre som sentral utøvar. Blant dei mest kjende slagerane hennar i Noreg, er «Når jeg blir 66», «La meg være ung» og «Du og jeg og vi to».
I 1964 deltok ho i Melodi Grand Prix, m.a. med «La meg være ung» av Arne Bendiksen. I 1966 forsøkte ho på nytt, og også i 1992. Wenche Myhre vart også berømt som songar i Vest-Tyskland på sekstitalet, der under namnet Wencke Myhre. Ho har aldri representert Noreg i Eurovision Song Contest, men derimot har ho vunne den tyske finalen og representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1968 med «Ein Hoch der Liebe». Ho enda på sjetteplass.
Skodespelar[endre]
I 1963 debuterte ho også som skodespelar i filmatiseringa av romanen Elskere av Terje Stigen. Dei komande åra spelte ho i fleire filmar, m.a. hovudrolla i Trollmannen fra Oz. Seint på sekstitalet starta ho å spela i revyteater for svenske Povel Ramel. I seinare år har Wenche Myhre også vore programleiar for fleire sesongar av Reisesjekken på TV Norge.
Privatliv[endre]
Wenche Myhre har vore gift tre gonger, seinast med hotelleigaren Arthur Buchardt. Ho har fire born.
Utmerkingar[endre]
- Spellemannprisen 1976 i klassa vokalist (1976)
- Gammleng-prisen i klassa veteran (2003)
- Spellemannkomitéens heidringspris (2003)
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (2004)
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wenche Myhre» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2012.
- Store norske leksikon, snl.no, «Wenche Myhre»
- Utdjupande artikkel om Wenche Myhre, skriven av Svend Erik Løken Larsen
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| Arja Saijonmaa (1987) · Lena Philipsson (1988) · Lecia Jønsson (1989) · Carola Häggkvist (1990) · Pernilla Wahlgren (1991) · Wenche Myhre (1992) · Merethe Trøan (1993) · Gladys del Pilar (1994) · Cecilia Vennersten (1995) · Lotta Engberg (1996) · Anna Oxa (1997) · Nurlaila (1998) · Feryal Başel (1999) · Anna Eriksson (2000) · Barbados (2001) · David Bisbal (2002) · Alcazar (2003) · Davinia (2004) · Alcazar (2005) · Saša Lendero (2006) · Måns Zelmerlöw (2007) · Sanna Nielsen (2008) · Hera Björk (2009) · Timoteij (2010) · Jóhanna Guðrún Jónsdóttir (2011) |
- Fødde i 1947
- St. Olavs Orden
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Musikarar frå Oslo
- Norske skodespelarar
- Norske songarar
- Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Melodi Grand Prix-deltakarar
- Programleiarar for TV Norge
- Vinnarar av OGAE Second Chance Contest
- Deltakarar i OGAE Second Chance Contest
- Eurovision Song Contest 1968-deltakarar
- Ein Lied für München-deltakarar