Wengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wengen i 2009, sett frå fjelltoppen Männlichen, rett oppfor Wengen
Delar av Wengen, sett frå sør

Wengen er ein landsby i Berner Oberland, som høyrer til Lauterbrunnen kommune i Sveits. Staden er den største i kommunen, kva gjeld folketal. Landsbyen ligg 1 274 meter over havet, nokre kilometer nord for fjelltoppane Eiger, Mönch og Jungfrau, 400 meter høgdemeter over dalen Lauterbrunnental.

Wengen er tilnytta reiselivslaget 'Jungfrauregion', og omfattar også Jungfrau-Aletsch, eit område som er på UNESCO si liste over verdas naturarv.

Sidan 1893 når ein Wengen frå Lauterbrunnen med Wengernalpbahn, ruta tekk 11 minuttar opp og noko meir ned. Sjølve landsbyen har ikkje noko vegsamband med omverda, og har derfor lite trafikk. I Wengen bur mellom 1 200 og 1 300 fastboande, men i vintersesongen har ein meir enn 10 000 og høgsesongen om sommaren i kring 5 000 bebuar.

Wengen er kalla «Landsbyen til Jungfrau» og er i januar månad skodeplass for dei årlege Lauberhornrenna med utfor og slalåm på programmet. Den sveitsisk-reformerte kyrkja i Wengen er frå 1953 og har vernestatus. Wengen har elles både ei anglikansk og ei romersk-katolsk kykje.

Hedy Schlunegger var frå Wengen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]