Wensum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wensum
elv
none  Wensum i Norwich
Wensum i Norwich
Land Flag of England.svg England
Grevskap Norfolk
Tilløp
 - venstre Tat, Ainse
 - høgre Tud
Byar Sculthorpe, Fakenham, North Elmham, Lenwade, Norwich
Kjelde
 - stad Whissonsett
Munning Yare
 - stad Whitlingham

Wensum er ei elv i Norfolk i England. Ho er ei sideelv til Yare, og har utspringet sitt mellom landsbyane Colkirk og Whissonsett i Breckland.

Elva renn vestover gjennom landsbyen Raynham. Ho vender så nordover og renn gjennom fleire små landsbyar. Ved Sculthorpe er ei mølle frå 1700-talet verna. Elva tek så igjen ei ny retning, og renn austover gjennom Fakenham, der det òg står ei mølle frå 1700-talet, som var i bruk heilt til 1979. Elva tek så ei søraustleg retning gjennom Pensthorpe naturreservat og landsbyen Great Ryburgh.

Ho renn så gjennom Great Wichingham, Lenwade og Taverham før ho når Norwich. Elva var grunnlaget for mykje av rikdomen til denne byen i mellomalderen, sidan ho var ei god transportåre for varer frå området. Sør for byen renn ho inn i Yare, som så går vidare ut til sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]