Wenzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wenzhous plassering i Zhejiang
Statue i Wenzhou

Wenzhou (kinesisk skrift 溫州, pinyin Wēnzhōu) er eit byprefektur som ligg heilt sør i provinsen Zhejiang ved kysten av Kina mot Austkinahavet. Prefekturet har eit areal på 11 784 km2, folketalert vart i 2007 berekna til 7 645 700. Om lag 1 423 600 menneske budde i sjølve byen.

Byprefekturet Wenzhou omfattar tre distrikt, to byfylke og seks fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamnebyen vart grunnlagt på 300-talet e.Kr., med namnet Yongjia. Under Tang-dynastiet vart han eit prefektur. Namnet Wenzhou fekk prefekturet og byen i 675.

Wenzhou vart opna for utanrikshandel i 1876. På 1800-talet utvikla byen seg til ei viktig hamn for kinesisk teeksport. Under den andre sino-japanske krig var Wenzhou ei av få hamner som ikkje vart okkupert av japanarane. Byen spela ei stor rolle for kinesarane til japanarane trekte seg ut. I åra etter utvikla byen seg lite, før kysthandelen byrja auke kringom 1955. I dei seinare år har byen vakse til stor velstand. Wenzhou kullkraftverk ligg her.

Wenzhou er fødeby til mange handelskinesarar i Europa og US-Amerika.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing og gårr sørover via Dezhou, Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Riksveg 330 går nordvestover frå Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]