Wesley Sneijder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wesley Sneijder
Personleg informasjon
Fullt namn Wesley Benjamin Sneijder
Fødd 9. juni 1984
Fødestad Utrecht
Høgd 170 cm
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
1991-2002 Nederland Ajax
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-07
2007-09
2009-2013
2013-2017
2017-2018
2018-2019
Nederland Ajax
Spania Real Madrid
Italia Inter
Tyrkia Galatasaray
Frankrike OGC Nice
Flagget til Qatar Al-Gharafa SC
127 (44)
52 (11)
76 (13)
122 (35)
5 (0)
22 (15)
Landslag
2003-2018 Nederland Nederland 134 (31)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Wesley Benjamin Sneijder (fødd 9. juni 1984 i Utrecht) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar. Han har vorte seriemeister i Nederland med Ajax i 2004, i Spania med Real Madrid i 2008 og i Italia med Inter i 2010. Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Inter i 2010. Han vart kåra til årets fotballtalent i Nederland i 2004. 30. april 2003 debuterte han for A-landslaget i ein kamp mot Portugal.