West highland white terrier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
West Highland White Terrier Krakow.jpg

West highland white terrier, som òg blir kalla berre westie, er ein liten terrierrase med opphav frå Skottland. Sjølv om west highland white og cairn terrierane har mykje av opphavet til felles, har selektiv avl skapt hunderasar med heilt ulike eigenskapar. Westien er saman med den skotske terrieren verdskjent på grunn av reklamen for ein skotsk whisky.

Rasen har lett for å få allergiske lidingar. Rasen er sporty og hardfør med stor sjølvtryggleik. Pelsen må trimmast regelmessig.

Rasehistorie[endre | endre wikiteksten]

Cairn terrieren fekk av og til kvite kvalpar. Den skotske Malcolm-familien sette i gang selektiv avl med desse, og fekk fram ein rase som var lett synlege i dei skotske fjellheiane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]