Western-musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Western-musikk oppstod som ei form for USA-amerikansk folkemusikk. Han vart opphavleg skriven av og om innbyggjarane som slo seg ned og arbeidde i vestlege område av Nord-Amerika. Western var musikalsk direkte knytt til gamle engelske, skotske og irske folkeviser og omhandla livet til cowboyane på dei opne slettene og prærien i det vestlege Nord-Amerika.[1] Den meksikanske musikken i det sørvestlege USA påverka òg utviklinga av denne sjangeren. Western-musikk vart ofte assosiert med country, men det kom berre av at Billboard klassifiserte dei i lag på salslistene deira. For artistar som skreiv og spelte western-musikk, er denne samanhengen som ein undersjanger av country feilaktig. Western-musikk har ikkje noko historisk opphav med musikken som kom frå dei søraustlege delane av USA, som Appalachane, der countrymusikken oppstod.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Western-musikk var direkte påverka av tradisjonell folkemusikk frå England, Wales, Skottland og Irland, og mange cowboysongar, sungen kring leirbåla på 1800-talet, som «Streets of Laredo», kan sporast attende til europeiske folkeviser.[2]

Dei tidlege cowboybanda, som spegla livet på slettene og ranchane der musikken oppstod, var stringband, stundom med munnspel. Otto Gary, ein tidleg leiar for eit cowboyband, sa at autentisk western-musikk berre hadde tre rytmar, og at alle kom frå gangartane til hesten—gange, trav og galopp.[3]

I 1908 publiserte N. Howard «Jack» Thorp den første boka med western-musikk, kalla Songs of the Cowboys. Han inneheldt berre tekstar og ingen notar, men vart populær vest for Mississippielva. Dei fleste av desse cowboysongane har ukjend opphav, men av dei mest kjende finn ein «Little Joe, the Wrangler», skriven av Thorp sjølv.[4][5]

I 1910 gav John Lomax ut boka Cowboy Songs and Other Frontier Ballads[6] som spreidde western-songane over heile landet. Boka hans inneheld mange av dei same songane som i boka til Thorp (han samla dei fleste av dei før boka til Thorpe vart publisert). Samlinga til Lomax inneheld derimot notar til mange av songane. Lomax publiserte ei samling til i 1919 kalla Songs of the Cattle Trail and Cow Camp.[7]

Då radio og innspelingsutstyr vart lettare tilgjengeleg, fann musikken eit publikum som tidlegare hadde vorte ignorert av musikkskular og Tin Pan Alley.[8] Mange innbyggjarar i det vestlege Nord-Amerika føretrekte musikk dei kjende til og som omhandla dei sjølv og området dei budde i.

Det første suksessrike cowboybandet som turnerte i austlege område var Otto Gray's Oklahoma Cowboys som vart sett i saman av William McGinty, ein pioner frå Oklahoma og tidlegare Rough Rider. Bandet spelte på radio og turnerte i varieté-krinsar frå 1924 til 1936. Dei spelte derimot inn få songar, så dei vert ofte oversett av historikarar som omtalar western-musikk.[9]

Sjølv om mange har inntrykk av at western-musikk starta med cowboyen, så er ikkje dette tilfelle. I følgje Doug Green si Singing in the Saddle, var den første western-songen publisert alt i 1844. Tittelen var «Blue Juniata» Songen omhandla ei ung indianarkvinne som venta på indianarkrigaren sin langs breidda av elva Juniata i Pennsylvania (som på denne tida vart rekna som «vesten»). Songen vart sungen av pionersønene over hundre år seinare og vert framleis sungen i dag. Western-songane som følgde har omhandla mange sider av Vesten, som fjellfolk, 49-arane, immigrantar, dei fredlause, rettsmennene, cowboyane og den vakre naturen. Wester-musikk handlar ikkje berre om den amerikanske cowboyen.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1930- og 1940-åra vart western-musikk populær gjennom romantiseringa av cowboyen og dei idealiserte skildringane av Vesten i Hollywood-filmar. Syngande cowboyar som Roy Rogers og Gene Autry, song cowboysongar i filmane sine og vart populære i heile USA. Filmprodusentar starta å nytte fullt orkestrerte fireparts harmoniar og sofistikerte musikalske arrangement i filmane sine. Bing Crosby, den mest populære songaren på denne tida, spelte inn mange cowboy- og western-songar, og spelte i filmen Rhythm on the Range (1936). I denne perioden inneheldt dei fleste radioprogram western-musikk. Western swing utvikla seg òg i denne perioden. developed during this time.

Mindre populær[endre | endre wikiteksten]

I 1960-åra var western-musikk i tilbakegang. Marknadsført som country and western av platedistributørar, selde albuma til western-artistar berre middels bra. Rock and Roll dominerte salet og Hollywood sine platestudio droppa dei fleste western-artistane sine. Country and western opplevde derimot auka sal med musikken som kom frå Nashville og då Hollywood prøvde å tene pengar på dette, mista country and western-musikken mykje av det regionale preget og det meste av stilen sin. Utanom om merkelappen var det vanskeleg å skilje denne musikken frå rock and roll eller andre populære musikkstilar.

Nyoppdaging[endre | endre wikiteksten]

Sjølv i dag føretrekker innbyggjarar i Vesten musikk om seg sjølv, kulturen sin og landet omkring seg. Eldre musikk er framleis til sals i butikkane og på Internett. Det vert stadig skrive ny western-musikk og ein av dei som har medverka stort til å få sjangeren opp att er Michael Martin Murphey. Syngegruppa Riders in the Sky spelar inn ei blanding av Western og Western Swing og har vunne Grammy-prisar for arbeidet sitt med DisneyToy Story 2 (1999) og Monsters, Inc (2001).

Kjende western-songar[endre | endre wikiteksten]


Western-artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lomax, Cowboy Songs and Other Frontier Ballads, Collector's Note: "Out in the wild, far-away places of the big and still unpeopled west—in the caňons along the Rocky Mountains, among the mining camps of Nevada and Montana, and on the remote cattle ranches of Texas, New Mexico, and Arizona—yet survives the Anglo-Saxon ballad spirit that was active in secluded districts in England and Scotland even after the coming of Tennyson and Browning. ... In some such way have been made and preserved the cowboy songs and other frontier ballads contained in this volume."
  2. L.M. Spell, Music in Texas a survey of one aspect of cultural progress (Austin, TX, 1936), s. 131.
  3. Oklahoma TOday. 1959. Fall. vol 9. no 4. «Daddy of the Cowboy Bands», Glenn Shirley, s. 29: «'There were only three rhythms to the real songs of the range—not the distorted versions you hear today,' Otto pointed out. 'They came from the gaits of the cowboy's horse—the walk, the trot and the lope.'»
  4. Thorp, Songs of the Cowboys, 1921, s. 96: "'Little Joe, The Wrangler', by N. Howard Thorp. Written by me on the trail of herd of O Cattle from Chimney Lake, New Mexico, to Higgins, Texas, 1898. ... It was copyrighted and appeared in my first edition of Songs of the Cowboys, published in 1908.
  5. Thorpe, N. Howard "Jack" (1921). Songs of the Cowboys. Boston: Houghton Mifflin Company. Henta 28. juni 2012. 
  6. Cowboy Songs and Other Frontier Ballads, digitalcommons.unl.edu
  7. Songs of the Cattle Trail and Cow Camp.
  8. Quay, Westward Expansion, p. 179, "Finally, the popularity of radio stations like 5XT, KFRU, and KVOO, all out of Oklahoma, which featured western bands like Otto Gray and his Oklahoma Cowboys, brought the sound of western music to greater number of Americans."
  9. Early Cowboy Band: "While Gray has long been acknowledged as an important figure, genuine respect for his achievements and acknowledgement of just how influential the Oklahoma Cowboys were has been grudging. This is partly due to the understandable tendency among country music historians to focus chiefly on recordings as a measure of an artist's importance."

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Cannon, Hal. Old Time Cowboy Songs. Gibbs Smith. ISBN 0-87905-308-9
  • Green, Douglas B. Singing in the Saddle: The History of the Singing Cowboy. Vanderbilt University Press, August 2002. ISBN 0-8265-1412-X
  • Hull, Myra. "Cowboy Ballads". Kansas Historical Quarterly. 8:1 (February 1939) 35-60 (accessed November 29, 2007).
  • Lomax, John A., M.A. Cowboy Songs and Other Frontier Ballads. The MacMillan Company, 1918. Online edition (pdf)
  • O'Neal, Bill; Goodwin, Fred. The Sons of the Pioneers. Eakin Press, 2001. ISBN 1-57168-644-4
  • Otto Gray and his Oklahoma Cowboys. Early Cowboy Band. British Archive of Country Music, 2006. CD D 139
  • Quay, Sara E. Westward Expansion. Greenwod Press, 2000. ISBN 0-313-31235-4
  • Shirley, Glenn "Daddy of the Cowboy Bands. Oklahoma Today (Fall 1959), 9:4 6-7, 29.
  • Thorp, N. Howard "Jack". Songs of the Cowboys. Houghton Mifflin Company, 1908, 1921.
  • White, John I. Git Along Little Dogies: Songs and Songmakers of the American West. (Music in American Life) series, University of Illinois Press, 1989 reprint. ISBN 0-252-06070-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]