Western Bay of Plenty District
| Western Bay of Plenty District | |
| Folketal: | 44 400 (Estimat 30. juni 2008)[1] |
| Største by: | Tauranga |
| Distrikt | |
|---|---|
| Namn: | Western Bay of Plenty District Council |
| Areal: | 2 120 km² |
| Heimeside: | http://www.wbopdc.govt.nz/ |
| Adressa til distriktsforvaltinga: |
Barkes Corner Cameron Road Private Bag 12803 Tauranga |
| E-post: | customercare@wbopdc |
| Regionstyre | |
| Namn: | Bay of Plenty Regional Council |
| Heimeside: | http://www.envbop.govt.nz |
Western Bay of Plenty District Council er eit distrikt i regionen Bay of Plenty på New Zealand. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i Greerton i Tauranga City (som er eit eige område, og som ikkje ligg i distriktet). Distriktet omkransar Tauranga City, og omfattar Matakana Island, ved innløpet til Tauranga Harbour.
Distriktet vart til etter lokalstyrereformene i 1989 der dei gamle områda Tauranga County og Te Puke Borough vart slegne saman med mindre grensejusteringar. Dei største endringane var i nordaust, der Waihi Beach vart overført til distriktet frå det gamle Ohinemuri County, og i nærleiken av Tauranga City, der noko av omlandet som tidlegare hadde høyrt til landdistriktet, vart overført til byen.
Distriktet er delt inn i fem wards (som mellom anna tener som valkrinsar ved val til distriktsstyret), desse er Waihi Beach, Katikati, Kaimai, Te Puke og Maketu.
Demografi [endre]
Distriktet hadde eit estimert folketal på 44 400 i juni 2008. Ved folketeljinga i 2006 var 16% av populasjonen maoriar. Av innbyggjarane budde då 1 773 i Waihi Beach, 3 579 i Katikati og 7 080 i Te Puke. Arealet til distriktet er 2 120,675 km².
Referanse [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Distriktet si heimeside
Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- Denne artikkelen bygger på «Western Bay of Plenty District» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2009.