Westinghouse Electric

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Westinghouse Electric Corporation er eit tidlegare amerikansk industriselskap med base i Pittsburgh. Det vart grunnlagd i 1886 av George Westinghouse.[1] Selskapet vart danna på grunnlag av at Westinghouse hadde overteke patentrettane til Nikola Tesla for vekselstraumteknikk. Selskapet dreiv seinare ei allsidig verskemd som spente frå kjerneteknikk ved at dei bygde det første kjernekraftverket i USA, til produksjon av elektrotekniske konsumvarer.

Westinghouse overtok i 1995 kringkastingsselskapet CBS, skilte deretter ut og selde det meste av industriverksemda, mellom anna til forsvarsindustrikonsernet Northrop Grumman, og skifta i 1997 namn til CBS Corporation.

Eit nytt Westinghouse Electric Corporation vart stiftet i 1998 for å ivareta varemerket Westinghouse. Westinghouse-namnet er òg halde fram i andre selskap, mellom anna i Westinghouse Electric Company (kjernekraftteknologi, eigd av japanske Toshiba).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]