Westland Tai Poutini National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Westland Tai Poutini National Park
Franz Josef Glacier i 2011.
Franz Josef Glacier i 2011.
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
West Coast
Oppretta 1960
Geografi
Koordinatar 43°23′″S 170°11′″EKoordinatar: 43°23′″S 170°11′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Administrert av Department of Conservation
Plassering
Westland Tai Poutini National Park is located in New Zealand
Westland Tai Poutini National Park.

Westland Tai Poutini National Park ligg ved vestkysten på SørøyaNew Zealand. Han vart oppretta i 1960, hundreåret etter den europeiske busetjinga i Westland District. Parken dekkjer eit areal på 1 175 km², og strekkjer seg frå dei høgaste tindane i Søralpane til ei oppriven og avsidesliggjande kystlinje[1]. Han grensar til Aoraki/Mount Cook National Park oppe i Søralpane.

Inne i parken finst isbrear, innsjøar og tette tempererte regnskogar, så vel som leivningar etter gamle gullgravarbyar langs kysten. Breane Franz Josef og Fox Glacier er to populære turist mål i Westland Tai Poutini National Park. Parken tilbyr jakt på hjort, gemse og himalayatahr, og helikoptertransport fører jegerane til ulendte fjellområde. Den populære turstien Copland Track går oppetter langs elva frå brua over Karangarua River. I tillegg til fjell-landskapa som er synlege frå stien, er det varme kjelder ved Welcome Flat Hut.

I 2010 vart meir enn 4 400 ha lagt til parken. Dette bestod av fleire spreidde område ved parken, dei fleste aust for Okarito Lagoon[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Westland Tai Poutini National Park. Department of Conservation.
  2. New additions to Westland National Park. New Zealand Government (17. juni 2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]