Westminster Abbey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Westminster Abbey.

The Collegiate Church of St Peter at Westminster, nesten alltid omtalt under det opphavlege namnet sitt Westminster Abbey, er ei kyrkje i Westminster i London.

Saman med nabokyrkja Saint Margaret's Church og Westminster Palace like aust for kyrkja er Westminster Abbey rekna som del av verdas kulturarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gravferda til Edvard Vedkjennaren til Westminster Abbey, skildra på Bayeux-teppet.

Ifølgje tradisjonen, først nedskriven rundt 1080, blei ei kyrkje først bygd på staden i 616. Fiskaren Aldrich skulle ha sett St. Peter i eit syn på Thorney. Rundt 960-åra blei det i alle høve grunnlagt eit benediktinarkloster under heilage Dunstan med hjelp frå kong Edgar. Frå 1045 til 1050 let Edvard Vedkjennaren bygga eit steinkloster på staden. Kyrkja blei vigsla 28. desember 1065, ei veke før Edvard døydde. Han blei gravlagd der, som den første engelske kongen. Etterfølgjaren Harold Godwinson, den siste angelsaksiske kongen, var den første som blei krona der.

Frå 1245 gjenreiste Henrik III klosteret som eit minnesmerke for Edvard Vedkjennaren i gotisk stil. Henrik var den første av normannarkongane som blei gravlagd i Westminster Abbey.

Den opphavlege klosterkyrkja hadde vore i ein romansk stil som blir omtalt som «Norman» i England. Ombygginga fortsette fram til 1517, og blei hovudsakleg ferdiggjort av arkitekten Henry Yevele under kong Richard II. Kong Henrik VII fekk bygd på eit kapell til Jomfru Maria i sein-gotisk stil, karakterisert av dominerande vinkelrette linjer, i 1503.

Sjølv om kyrkja blei overtatt av Henrik VIII under oppløysinga av klostera i 1534 og stengt i 1540, og blei ein katedral inntil 1550, var det tilknytinga til kongemakta som berga han frå øydelegging. Kyrkja fekk store skadar i dei turbulente 1640-åra då ho blei angripen av puritanske ikonoklastar, men blei beskytta av banda til staten.

Dei to vestlege tårna blei bygd mellom 1722 og 1745 av Christopher Wren og Nicholas Hawksmoor, konstruert med stein frå Portland, som eit tidleg døme på nygotisk stil. Andre ombyggingar og restaureringar skjedde på 1800-talet under George Gilbert Scott.

Fram til 1800-talet var Westminster tredje høgaste læresete i England, etter Oxford og Cambridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]