Weston Bay

Koordinatar: 51°20′N 3°00′W / 51.333°N 3.000°W / 51.333; -3.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Weston Bay
bukt
Land  England
Kart
Weston Bay
51°20′00″N 3°00′00″W / 51.3333°N 3°W / 51.3333; -3
Wikimedia Commons: Weston Bay

Weston Bay er ei bukt i Bristolkanalen i North Somerset i England.

Ho ligg mellom Brean Down, som er eigd av National Trust, og som er eit område rikt på dyreliv, historie og arkeologi. Dette området er erklært ein stad av særleg vitskapleg interesse.[1] og ligg sør. Worlebury Hill ligg i nord. Fleire stader i Worlebury Hill er det drive steinbryting frå seint på 1700-talet, fram til drifta vart lagt ned i 1953.[2]

Mykje av bukta dannar strandpromenaden i Weston-super-Mare. To brygger stikk utover i bukta. Birnbeck Pier vart teikna av Eugenius Birch og opna i 1867.[3] Grand Pier frå tidleg på 1900-talet vert halde oppe av 600 jernpålar,[4] og er 400 meter lang.[5] Ho har vorte øydelagd av brann to gonger, ein gong i 1930 og igjen i 2008.[4]

På grunn av den store tidvasskilnaden i Bristolkanalen, ligg sjøkanten om lag 1,5 km lenger ute ved fjøre sjø. Sjølv sjølve stranda består av sand, er tidvassona dekt av tjukk gjørme, som er særs farleg å gå over. Elva Axe renn over denne gjørma. Frå bukta kan ein sjå øyane Flat Holm og Steep Holm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brean Down» (PDF). English Nature. 
  2. «SOUTH WEST RDA FUND RESTORATION OF WESTON QUARRY». South West RDA. 15. august 2001. Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 20. desember 2009. 
  3. «Birnbeck Pier». Images of England. English Heritage. Arkivert frå originalen 16. november 2007. Henta 20. desember 2009. 
  4. 4,0 4,1 Dunk, Marcus (29. juli 2008). «Tragic loss of a monument to a gentler holiday age». Daily Mail. 
  5. «Fire destroys UK historic pier». Brunei Times. 29. juli 2008. 

51°20′N 3°00′W / 51.333°N 3.000°W / 51.333; -3.000