Westport på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Westport
by
Land  New Zealand
Region West Coast
Del av West Coast på New Zealand
Folketal 4 660 (30. juni 2018)
Kart
Westport på New Zealand
41°45′18″S 171°35′56″E / 41.755°S 171.599°E / -41.755; 171.599
Wikimedia Commons: Westport, New Zealand

Westport (maori Kawatiri) er ein by i West Coast-regionen på South IslandNew Zealand. Byen blei skipa i 1861, og er den eldste europeiske busetnaden på denne vestkysten.[1] Det opphavlege namnet var Buller.[2] Byen ligg på høgre breidd ved munningen av Bullerelva, nær neset Kapp Foulwind. Han har samband med Greymouth via State Highway 6, 100 kilometer (62 mi) i sør, og med Nelson 222 kilometer (138 mi) i nordaust, via Buller Gorge.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Maorinamnet for elva og regionen er Kawatiri, som tyder djup og rask.[3] Byen er truleg kalla opp etter Westport i County Mayo i Irland, sjølv om valet av namn utan tvil òg blei påverka av plasseringa til byen.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå eit arkeologisk utgravingsområde nær munnen til Buller-elva (Kawatiri) er det klart at det budde maoriar nær dagens Westport på byrjinga av 1300-talet.[4] Dei budde hovudsakleg i kystområda, men utforska fjella for å finna pounamu (grønstein), som dei så selte til andre iwiar.[5]

Den fyrste bølgja med europeiske nybyggjarar kom til Westport i 1861 som gullgravarar.[6] Det fyrste europeiske fartøyet som skal ha sigla opp elva var selfangstskonnerten «Three Brothers» i 1844,[7] sjølv om andre selfangstfartøy var registrerte i Cape Foulwind-området på 1820-talet.[8] På 1880-talet kom fleire utforskingsgrupper med geologar og landmålarar til området for å sjå etter verdifulle ressursar og måle opp landet. Nokre av dei var Charles Heaphy, William Fox og Thomas Brunner. Medan leiting etter gull førte til den fyrste interessa for området, og til dømes førte til at store område av kystområda (som var dekte av sediment frå elva) blei mudra på leit etter det verdifulle mineralet,[9] blei området snart mykje meir kjent for kolgruvedrift, noko som framleis er ei dominerande næring i regionen i dag.[10]

Kollast ved Westport Railway.

Kolgruvselskap Westport Colliery Company Ltd. blei oppretta i 1878, og blei omdøypt til The Westport Coal Company i 1881 då ei gruppe forretningsfolk frå Dunedin kjøpte gruvene.[11] Kolkjeldene var ved Coalbrookdale (Denniston) og Granity Creek (Millerton), og kolet blei frakta til hamna i Westport for å bli sendt ut. I 1905 var Westport Coal Company den største kolprodusenten på New Zealand.[12]

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
2006 4 509
2013 4 755 +5,5 %
2018 4 389 −7,7 %

Westport er blitt skadd av fleire jordskjelv gjennom tidene. Det verste var Murchison-jordskjelvet i 1929, som gjorde at fleire bygningar kollapsa, mellom anna tårnet ved postkontoret. Byen har no ei rekkje art deco-bygningar som blei bygde etter jordskjelvet,[2] til dømes Clock Tower Chambers.[13]

Palmerston Street i Westport på eit postkort frå kring 1910.

Føretaket Holcim hadde eit stort sementverk på sørvestsida av byen fram til det blei stengd den 30. juni 2016.[14]

Holcim-sementverket var ein viktig faktor i den lokale økonomien.

Møtestaden Te Taha o Te Awa Marae er i Westport. Han er ein marae for hapūane Ngāti Apa ki te Rā Tō og Pūaha Te Rangi, og har eit wharenui (møtehus) som òg heiter Te Taha o te Awa.[15][16]

Coaltown Museum, som opna i 2013, tek for seg lokalhistoria i området.[17][18]

Kjende bygningar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Municipal Chambers (Former)». 
  2. 2,0 2,1 2,2 Nathan, Simon. «West Coast places – Westport». Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand. Henta 29. august 2020. 
  3. Grzelewski, Derek. «Buller—the mighty river» (på engelsk). Henta 21. september 2020. 
  4. Nathan, Simon. «West Coast region – Māori exploration and settlement». 
  5. History Arkivert 25. mai 2010 ved Wayback Machine. (from the Buller District Council website)
  6. Welcome to the Buller District Arkivert 13. oktober 2016 ved Wayback Machine. (from the 'Buller Community Development Company Ltd' website)
  7. «RETURN OF MESSRS. BRUNNER AND HEAPHY FROM EXPLORING THE WESTERN COAST. NELSON EXAMINER AND NEW ZEALAND CHRONICLE». Henta 15. desember 2022. 
  8. Ian Smith. «The New Zealand Sealing Industry» (PDF). 
  9. «Westport» (på engelsk). Henta 26. august 2022. 
  10. History Arkivert 25. mai 2010 ved Wayback Machine. (from the Buller District Council website)
  11. «Circa Theatre – Wellington Heritage». Henta 21 September 2020. 
  12. «Our History». Henta 21. september 2020. 
  13. Mal:NZHPT
  14. Carroll, Joanne (26. mai 2016). «Job losses for Westport Harbour when Holcim closes». Stuff. 
  15. «Te Kāhui Māngai directory». Te Puni Kōkiri. 
  16. «Māori Maps». Te Potiki National Trust. 
  17. «Heritage and Arts Around Westport». Westport Tourism. 
  18. «Coaltown Museum on NZ Museums». Te Papa. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Westport på New Zealand