Wetterhorn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Wetterhorn | |
| fjell | |
|
Wetterhorn ovan om Grindelwald
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Bern-Alpane |
| høgd | 3 692 moh |
| skardhøgd | 203 m |
| koordinatar | |
| Lettast tilkomst | klatring |
| Førstestiging av | Melchior Bannholzer, Joh. Jaun |
| - dato | 31. august 1844 |
Wetterhorn er eit 3 692 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits, nær landsbyen Grindelwald. Fjellet vart klatra fyrste gongen i 1844. Ti år seinare klatra Alfred Wills med fylgje til topps. Denne klatreturen har britiske fjellturistar rekna som innleiinga til den britiske alpinismens gullalder.
Fjellmassivet har tre nærståande toppar: Wetterhorn (mest iaugefallande frå Grindelwald), Mittelhorn (høgst) og Rosenhorn.
Ymse [endre]
- Frå 1908 arbeidde ein med å byggje verdas fyrste kabelbane, meint for persontrafikk, til Wetterhorn. Arbeidet stoppa opp i 1915, under 1. verdskrigen. Det vart aldri teke opp att.
- Winston Churchill var på toppen i 1894.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wetterhorn» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2009.