Wexford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wexford
Motto
«Per Aqua et Ignem»
(Gjennom vatn og eld)
Plassering
Wexford is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Wexford
Grunnlagd rundt 800
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Byområde

8 931
9 659
Koordinatar 52°20′15″N 6°27′35″WKoordinatar: 52°20′15″N 6°27′35″W
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.wexfordcorp.ie


Wexford (irsk Loch Garman) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Wexford og ligg nær søraustspissen av Irland.

Byen ligg på sørsida av Wexford Harbour, ved ein fjord danna av elva Slaney. Han vart grunnlagd av vikingar omkring år 800, og fekk då namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene. Dette namnet har vorte forvrengd til det engelske namnet i dag. På grunn av dei vanskelege forholda med stadige endringar i sandbankane har hamna ikkje hatt stor kommersiell suksess. Derfor vart det på byrjinga av 1900-talet laga til ei ny hamn om lag 20 km lenger sør. Opphavleg heitte denne Rosslare Harbour, men i dag har ho namnet Rosslare Europort. Ho er ei djupvasshamn, som ikkje vert påverka av tidvatn og straumar. Alle store skip nyttar denne hamna, medan Wexford hamn berre vert nytta av fiskebåtar og andre mindre fartøy.

Byen følgjer hamna langs fjorden og elva, med ei hovudgate som går meir eller mindre parallelt med vasskanten. Hovudgata er om lag halvannan kilometer lang, og har fleire namn i løpet av denne strekninga. Nesten alle butikkar i sentrum av byen ligg langs denne gata.

Wexford er forbunde til Dublin via jernbane og hovudvegen N11 (E1). Det er ei stor bru, ei av dei lengste i Irland, som går frå Wexford by til den andre sida av fjorden.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]