Wey i Surrey
| Wey | |
| elv | |
|
Wey nær den nordlege kjelda ved Farringdon i Hampshire
|
|
| Land | |
|---|---|
| Grevskap | West Sussex, Hampshire, Surrey |
| Distrikt | Chichester, East Hampshire, Waverley, Guildford, Woking, Elmbridge |
| Tilløp | |
| - venstre | Tillingbourne, Ock |
| - høgre | Oakhanger Stream, Kingsley Stream, Oxney Stream |
| Byar | Farnham, Haslemere, Godalming, Guildford, Weybridge, Alton i Hampshire |
| landemerke | Surrey Hills AONB |
| Kjelde | |
| - stad | Farringdon /Blackdown, Hampshire/West Sussex |
| Munning | Themsen |
| - stad | Weybridge, Surrey |
| Lengd | 140 km |
| Nedslagsfelt | 904 km² |
Wey er ei elv i England, for det meste i grevskapet Surrey. Ho er ei sideelv til Themsen, og startar som to separate elvar ved Alton og Liphook i Hampshire. Dei to møtest ved Tilford. Elva er navigerbar over ei strekning på omkring 32 km, frå Godalming til Themsen ved Weybridge sørvest for London.
Dei 25 kilometrane til Guildford vart gjort navigerbare etter eit parlamentsvedtak i 1651. Arbeidet vart fullført i 1653, og tillét lektertransport til London. Utbetringar vart utført i 1671. I 1760 vart ytterlegare 7 km gjort navigerbare, fram til Godalming. Elva har i delar av denne strekninga karakter av ein kanal, og blir òg kalla Godalming Navigation. Basingstokekanalen og Wey og Arun-kanelen vart seinare bygd for å kople Wey til kanalnettverket.
Kanaldelen var i privat eige fram til 1963. Delar av ho vart gjeve til National Trust i 1964, og resten i 1968. Det har ikkje vore kommersiell trafikk sidan 1983. National Trust har eit vitjingssenter i eit tidlegare verft i Guildford.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wey (Surrey)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.