Weybridge

Koordinatar: 51°22′N 0°27′W / 51.367°N 0.450°W / 51.367; -0.450
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Weybridge

Georgianske hus i Weybridge
Georgianske hus i Weybridge
Georgianske hus i Weybridge
Plassering
Weybridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Surrey
Distrikt Elmbridge
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

19 463
Koordinatar 51°22′N 0°27′W / 51.367°N 0.450°W / 51.367; -0.450
Diverse annan informasjon
Postnummer KT13
Telefon-retningsnummer 0 1932
Commons har multimedium som gjeld: Weybridge

Weybridge er ein by i grevskapet Surrey i England. Han har kring 19 500 innbyggjarar og grenser i nord til elva Themsen ved munningen til elva Wey, som byen er kalla opp etter. Byen ligg innanfor pendlarbeltet kring London.

Dei fyrst nedskrivne formene av namnet stammar frå 600-talet, der staden blir kalla Waigebrugge og Weibrugge.[1] Weybridge er nemnd i Domesday Book frå 1086 som Webrige og Webruge,[2] og i seinare dokument som Waibrigge og Wabrigge på 1100-talet og Wybrugge og Weybrugge på 1200-talet. Namnet tyder ganske enkelt 'bru over Wey'.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oatlands Palace frå 1600-talet.
Innngangen til Oatlands Palace som står att.


I 1086 var staden var då delvis eigd av klosteret Chertsey Abbey og delvis av biskop Odo av Bayeux, som var halvbror til Vilhelm erobraren, og ein føydal undersått av han, Herfrid av Throwley.[2][3]

Etter oppløysinga av klostera fekk Weybridge familien Rede som eigarar i tre år, før staden kom under den engelske krona i 1537.[4] I juni same året byrja Henrik VIII å bygga Oatlands Palace her ved å utvida eit herskapshus frå mellomalderen nord for bysentrum. Noko av steinen brukt til grunnstein var tekne frå gamle Chertsey Abbey.[5] Kong Henrik hadde meint palasset som bustad for den fjerde konna si, Anna av Kleve, men dette ekteskapet blei annullert etter eit halvår.[5] Kongen gifta seg med den femte kona si, Catherine Howard, i Oatlands, men vitja sjeldan staden seinare.[6] Palasset fortsette å tilhøyra krona fram til innføringa av Det engelske samveldet, då innhaldet blei selt og bygningane rivne.[7] Berre inngangsporten frå rundt 1545 og muren ved sida av han står att.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gover, Mawer & Stenton 1934, s. 98-99
  2. 2,0 2,1 «Surrey Domesday Book». Arkivert frå originalen 15 July 2007. 
  3. Powell-Smith A (2011). «Weybridge». Open Domesday. Arkivert frå originalen 16. januar 2019. Henta 22. august 2021. 
  4. White 1999, s. 10-12
  5. 5,0 5,1 «Oatlands Palace». Elmbridge Museum. March 2021. Arkivert frå originalen 22. august 2021. Henta 22. august 2021. 
  6. White 1999, s. 13
  7. White 1999, s. 16-18
  8. Historic England. «Entrance gates and walls to Oatlands Palace (Grade II) (1191628)». National Heritage List for England. Henta 4. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Weybridge