Whale Island i Hampshire
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whale Island er ei lita øy i hamneområdet til Portsmouth, nær Portsea Island. Her ligg HMS Excellent, den eldste rekruttskulen til Royal Navy og hovudkvarteret til øvstkommanderande i flåten.
Kart frå 1862 viser at øya var mindre før, ho var om lag like brei som i dag, men langt kortare. Store delar av øya i dag er gjenvunne land. I 1867 vart det bygd ein viadukt frå nordsida av hamna til øya.[1]. Dette gjorde at ein kunne transportere grus frå oppmudringa av hamnebassenget til øya og gjere ho større.
Før den andre verdskrigen var det ein dyrehage på Whale Island.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Whale Island, Hampshire» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: