Whalsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whalsay
Vegen mellom Symbister og Isbister.  (Foto: Colin Park)
Vegen mellom Symbister og Isbister.
(Foto: Colin Park)
Geografi
Whalsay is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°20′N 0°59′WKoordinatar: 60°20′N 0°59′W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 19,7 km²
Høgaste punkt Ward of Clett (119 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Største busetnad Symbister
Demografi
Folketal 1034 [1][2] (2001)
Folketettleik 52,5 /km²

Whalsay (av norrønt Hvalsey, 'Kvaløy') er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Øya ligg austom Shetland Mainland og hadde i 2001 vel 1030 innbyggjarar. Øya er frodig og relativt tett busett. Dei viktigaste næringsvegane er fiskeria og jordbruket (crofting).

Viktigaste landsbyen er Symbister sør på øya. Der har fiskeflåten heimehamn. Ferjene til og frå Mainland går mellom Symbister og Laxo og Vidlin. Til vanleg er det to ferjer som går i trafikk mellom Symbister og Laxo. Ferjene går kvart 45. minutt, og overfarten tek om lag 30 minutt. Når vêret er for hardt og sjøen for grov går ferjene til Vidlin i staden for til Laxo. Denne turen tek i godt vêr om lag 45 minutt, men i dårleg vêr kan det ta mykje lenger tid.

Øya har óg ei flystripe, ho ligg ved Skaw nord på øya.

Andre landsbyar er Clate, Isbister, Sandwick, Saltness, Challister og North Park.

Ved Skaw ligg Skaw Taing som er ein 18-hols golfbane, den nordlegaste i Storbritannia.

Whalsay er óg kjend som «bonny isle».

Utviklinga av folketalet på Whalsay[endre | endre wikiteksten]

År Folketal
1841
628
1861
728
1871
854
1881
870
1931
900
1961
764
1971
870
1981
1025
1991
1041
2001
1034

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  2. Ordnance Survey

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Whalsay» henta frå Wikipedia på engelsk 29. mai 2007.