Whanganui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Wanganui
Whanganui(Maori)
Kallenamn
«Wanga-vegas[1]»
Styresmakter
Land New Zealand
New Zealand
Grunnlagd 1840
Borgarmeister (Mayor) Michael Laws
Geografi
Flatevidd
 - Distrikt

2 372,7 km²
Innbyggjarar
 - Distrikt (estimat juni 2008)
   - folketettleik
 - Byområde

43 400[2]
  18,3/km²
39 700
Koordinatar 39°56′″S 175°03′″EKoordinatar: 39°56′″S 175°03′″E
Tidssone UTC + 12 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 4500, 4501
Heimeside: http://www.wanganui.govt.nz/
Plassering
Whanganui is located in New Zealand

Whanganui eller Wanganui[3] uttale  er både eit urbant område og eit distrikt som ligg på vestkysten til NordøyaNew Zealand. Det er ein del av regionen Manawatu-Wanganui.

På same måte som fleire sentra på New Zealand, hadde byen offisiell status som City fram til den administrative nasjonale reorganiseringa i 1989, men er no administrert av eit District Council. Trass i dette, vert han ennå sett på som ein by av dei fleste newzealendarar.

Wanganui City[endre | endre wikiteksten]

Wanganui ligg i bukta South Taranaki Bight (Sør-Taranakibukta), nær munningen til elva Whanganui River. Det er 200 kilometer nord for Wellington og 75 kilometer nordvest for Palmerston North, der riksvegane New Zealand State Highway 3 og 4 kryssar kvarandre. Det meste av busetnaden ligg på den norvestlege elvebreidda, men nokre mindre forstadar ligg på motsett side.

Vêrlaget i Wanganui er temperert, med litt over det nasjonale gjennomsnittlege talet på soltimar (2100 timar i året), og om kring 900 millimeter årleg nedbør. Det kan koma fleire frostperiodar om vinteren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I området kring munningen til Whanganui fanst det større māoribusetjingar før den europeiske innvandringa. I 1820-åra overfall stammane langs kysten Kapiti Island og Ngāti Toahøvdingen Te Rauparaha. Te Rauparaha hemna seg i 1830 ved å plyndra Putiki og drepa innbyggjarane[4]. Dei første europeiske handelsfolka nådde fram i 1831, og vart i 1840 følgde av misjonærane Octavius Hadfield og Henry Williams som samla underskrifter på Waitangitraktaten[4]. Etter at New Zealand Company hadde organisert seg i Wellington, såg det seg om etter fleire høvelege stader for innflyttarar. Edward Wakefield, son til Edward Gibbon Wakefield, forhandla fram sal av 40 000 acres i 1840. Ein busetnad, først kalla Petre, vart grunnlagt ved elvemunningen kort tid etterpå[4]. Dette namnet vart offisielt endra til Wanganui 20. januar 1854.

Dei første åra til den nye byen vart problematiske. Kjøp av land frå dei lokale stammene hadde vore tilfeldig og uregulert, derfor var mange māoriar harme over tilflyttinga av pākehā i landområde som dei framleis gjorde krav på. Det var ikkje før åtte år etter grunnlegginga av byen at nybyggjarane og dei lokale stammene kom fram til endeleg semje, men mange ulike synspunkt heldt fram (og dukkar opp frå tid til annan, den dag i dag).

Etter dette voks Wanganui snøgt, og land vart rydda til beitemarker. Byen var eit større militært hovudkvarter under New Zealand-krigane i 1860-åra, sjølv om dei lokale māoriane ved Putiki var venlege mot nybyggjarane i byen. I 1871 vart det opna ei bybru, seks år seinare ei jarnvegsbru ved Aramoho[4]. Byen fekk jarnvegssamband både til New Plymouth og Wellington i 1886.

Victoria Avenue, hovudgata i Wanganui.

Nedslagsfeltet til Whanganui River vert sett på av māoriane som eit heilagt område, og Wanganuiregionen vert enno rekna for eit senter for all harme hos māoriar over spørsmålet om eigedomsrett til jord. I 1995 vart Moutoa Gardens i Wanganui, av lokale māoriar kalla Pakaitore, okkupert i 79 dagar i ein stort sett fredeleg protest frå Whanganui iwi (stammar) om rettane til landområde.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Whāngā nui tyder stor bukt eller stor hamn. Europearane kalla staden Petre (uttala Peter), etter Lord Petre, ein offiser i New Zealand Company, men dette namnet vart ikkje varig.

Wanganui eller Whanganui?[endre | endre wikiteksten]

På den lokale dialekten uttalar māoriane wh som w følgd av eit glottalt opphald, og namnet noko slikt som «W'anganui», dette er vanskeleg å uttala for folk utanfrå. Inntil nyleg vart nemnet skrive «Wanganui» og uttala med ein w av dei som ikkje snakkar māori og ein wh av dei māoriane frå andre stader som kjende til denne avleiinga.

Etter at David Young skreiv ein artikkel om elva i magasinet New Zealand Geographic, og brukte «Whanganui» gjennomført, etter ønskje frå dei lokale iwi, vart stavinga av elvenamnet endra til Whanganui i 1991. Namnet til regionen vert også no stundom stava «Whanganui», men byen har halde på skrivemåten «Wanganui».

Eit resultat av dette er no at mange menneske utanfrå området gjer seg umak med å uttala elvenamnet og namnet til regionen som «Whanganui», og bynamnet som «Wanganui», sjølv om dei ulike skrivemåtane ikkje reflekterer skilnadar i det underliggjande namnet.

Ei ikkje-bindande folkeavrøysting vart halden i 2006, der 82% røysta for Wanganui utan 'h'. Frammøtet var 55,4% [5].

I februar 2009, mottok New Zealand Geographic Board (New Zealands geografiske selskap) eit framlegg om at bynamnet burde skrivast «Whanganui», og kom seint i mars fram til at det kunne vera gode grunnar til endring[6]. Publikum vil få tre månadar frå medio mai til å uttala seg om det framlagde forslaget[7]. Wanganui sin borgarmeister, Michael Laws, har tala sterkt mot den føreslegne endringa[8]. Ei anna folkeavrøysting vart halden i mai 2009, og innbyggjarane forkasta enno ein gong namneskiftet med 77 mot 22 prosent[9]. Frammøtet var no 60%.

Kjennemerke i byen[endre | endre wikiteksten]

Wanganui sett frå Durie Hill.
Krigsminnesmerket på Durie Hill.

Av kjende bygningar i byen er Sarjeant Art Gallery, og Royal Wanganui Opera House, som vart reist i 1901.

Cook's Gardens er eit viktig sportsområde, det vert brukt til cricket, sykkelsport og friidrett. 27. januar 1962 sette Peter Snell verdsrekord på ei engelsk mil i dette anlegget.

Mykje av byen er bygd på den nordvestlege elvebreidda. Fire bruer kryssar elva, Cobham Bridge, City Bridge, Dublin Street Bridge og Aramoho Railway Bridge (berre for jarnveg og fotgjengarar). Nær den søraustlege enden til City Bridge ligg ein meir uvanleg konstruksjon i Wanganui, ein elevator som fører opp til eit monument på toppen av Durie Hill.

Forstadar i byen er (med klokka frå sør): Gonville, Castlecliff, Springvale, St. Johns Hill, Aramoho, Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill. Alle desse, utanom Wanganui East, Bastia Hill, og Durie Hill ligg på den nordvestlege breidda.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ein betydeleg del av økonomien til Wanganui er direkte basert på det grøderike og blømande jordbruket som omkransar byen. Andre lokale aktivitetar er mellom anna ingeniørverksemd og drift av hamna.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Wanganui Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 22,4°C
72°F
22,7 °C
73 °F
21,3 °C
70 °F
18,8 °C
66 °F
16 °C
61 °F
13,8 °C
57 °F
13,2 °C
56 °F
13,8 °C
57 °F
15,3 °C
60 °F
17 °C
63 °F
18,8 °C
66 °F
20,7 °C
69 °F
17,8°C
64°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 14 °C
57°F
14 °C
57 °F
12,9 °C
55 °F
10,6 °C
51 °F
8,5 °C
47 °F
6,5 °C
44 °F
5,6 °C
42 °F
6,2 °C
43 °F
8 °C
46 °F
9,6 °C
49 °F
10,9 °C
52 °F
12,8 °C
55 °F
10 °C
50°F
Gjennomsnittleg total nedbør 62 mm
12,44 "
65 mm
2,56 "
68 mm
2,68 "
71 mm
2,8  "
81 mm
3,19  "
82 mm
3,23 "
88 mm
3,46 "
70 mm
2,76 "
72 mm
2,83 "
81 mm
3,19 "
74 mm
2,91 "
70 mm
2,76 "
882 mm
34,72 "
Kjelde: Niwa Science climate data 1971 - 2000[10]

Wanganui District[endre | endre wikiteksten]

Wanganui District Council oppstod etter samanslåing av Wanganui og Waitotara County councils og Wanganui City Council. Distriktet har eit areal på 2 373 km². Mykje av landskapet i Wanganui District er ulendt bakkelandskap som kransar dalen til Whanganui River. Ein stor det av det ligg innanfor grensene til Whanganui National Park.

Alle utanom 3 700 menneske i Wanganui District bur i sjølve byen, det vil seia at det berre er få større busetnader utanfor. Ein liten, men kjend busetnad er Jerusalem.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Whanganui