Whanganui Island

Koordinatar: 36°47′S 175°26′E / 36.783°S 175.433°E / -36.783; 175.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

36°47′S 175°26′E / 36.783°S 175.433°E / -36.783; 175.433 Whanganui Island er den største av ei lita gruppe øyer som ligg i hamna til Coromandel i Haurakigolfen utanfor austkysten til NordøyaNew Zealand.

Øya er privateigd, er 2,83 km² i flatevidd, der mykje er oppdyrka, men der er også skogområde.

Ho var eigd av ein amerikansk nybyggjar fram til underteikninga av Waitangitraktaten, då han mista retten til øya, etter som all eigedom gjekk over til den britiske krona.

Woolshed Bay, ei skjerma bukt på sørsida til øya, er ein populær ankringstad for båtfolk frå Auckland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.