Whanganui River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whanganui og sideelver.
Whanganui River.

Whanganui River er den tredje lengste elvaNew Zealand og ligg i midtre delen på Nordøya.

I mange år var elva kjend som Wanganui River, men namnet vart endra til Whanganui, etter ønskje frå dei lokale iwiane. Delvis var også årsaka at ein ville unngå forveksling med Wanganui RiverSørøya. Byen Wanganui ved utløpet til elva har halde på det kortare namnet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har ein lengde på 290 km. Mykje av landområdet på båe sider i den øvre delen av elva høyrer til nasjonalparken Whanganui National Park, men sjølve elva er ikkje ein del av parken.

Whanganui River spring ut frå dei nordlege hellingane til Mount Tongariro, ein av dei tre aktive vulkanane i sentralplatået på Nordøya, og nær innsjøen Lake Rotoaira. Ho renn mot nordvest før ho bøyer av mot sørvest ved Taumarunui. Herifrå renn ho gjennom det ulendte krattkledde bakkelandskapet i King Country før ho snur mot søraust forbi dei mindre busetnadane Pipiriki og Jerusalem, til ho når kysten ved Wanganui. Whanganui er den lengste seglabare elva på New Zealand. På 1970-talet forureina eit mindre utbrot frå Mount Ruapehu Whanganui River med giftig vatn frå kratersjøen Ruapehu Crater Lake. Utsleppet førte til utstrekt fiskedød nedetter elva, og ålar så store som 8,2 kilo og aure opptil 2,3 kilo vart vaska daude i land langs elvebreiddene.

Tilførsler[endre | endre wikiteksten]

Namn Lengde (km) km frå utløpet Koordinatar Høgde
Mount Tongariro Utspring 290 km 39°07.91′S 175°37.95′E
Whakapapa River 38°55.92′S 175°24.50′E
Kakahi (Bekk) 38°55.94′S 175°22.00′E
Ongarue River 38°53.54′S 175°15.27′E
39°02.34′S 175°03.89′E
Retaruke River 39°06.65′S 175°03.98′E
Ohura River
Mangapurua Stream
Ruatiti River? 39°24.30′S 175°2.69′E
Tangarakau River?
Tasmanhavet Elvemunning 0 km 39°56.89′S 174°59.22′E 0 m

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kawana mylne frå 1854 (restaurert), i Matahiwi.

Māori-overleveringar forklarar danninga av elva i ei legende om fjellet Mount Taranaki. Då Mount Taranaki forlet det sentrale platået for å gå til kysten, etterlet det seg ei open revne som vart fylt av elva. I māorisk tradisjon vart elva først utforska av Tamatea, ein av leiarane av den opphavlege innvandringa til det nye landet. Han drog oppetter elva og vidare til Tauposjøen. Mange stader langs elva er oppkalla til ære for han.

Whanganuielva ha alltid vore ein viktig samferdsleveg til sentrale strok av Nordøya, både for māoriar og nybyggjarar. Ho er ei vanskeleg ferdsleelv med mange strekningar med fossestryk og innsnevringar. Trass i dette, var elva i mange år hovudinnfallsåra til innlandet.

Før europearane kom, var området kring Whanganui eit av dei tettast busette i landet. Ikkje overraskande vart området kring elvemunningen ein viktig handelsstad etter at innvandrarane kom til regionen.

Sjølv om elva alt var vorten ei viktig ferdselsåre innover i landet, var det Alexander Hatrick som la det viktigaste grunnlaget for elva som handels- og samferdselsrute, då han starta den første regulære dampbåtruta i 1892. Ruta gjekk etter kvart til Taumarunui der jarnveg og hestetransport sørgde for samband lenger nordetter. [1] Ein av Hatricks originale båtar, hjulbåten PS Waimarie, har vorte restaurert og går turar i Wanganui.[2] Ein annan av båtane til Hatrick, MV Wairua har også vorte restaurert, og er å sjå på elva.

Tidleg i det 20. hundreåret vart Wanganui River, som ho då var kalla, ein av dei største turistattraksjonane i landet. Den røffe venleiken til elva og landskapet, og māoriane sine kainga (landsbyar) langs elvebreiddene, drog til seg tusenvis av turistar kvart år.

jarnveglinja North Island Main Trunk var fullført, gjekk behovet for ei dampskipsrute nordover sterkt attende, og den viktigaste økonomiske aktiviteten langs elva vart tømmerdrift. På 1930-talet vart det gjort freistnadar på å opna elvedalen opp til jordbruksområda, men dette vart ikkje vellukka. Ein arv frå denne tida er Bridge to Nowhere (brua til Ingenstad), som vart bygd for å gje tilgang til busetnader som var i ferd med, eller for lengst var fråflytta.

Busetnaden Jerusalem er av særskild interesse, for han var heimen til to kjende newzealenderar: Mor Mary Joseph Aubert, som opna ein katolsk heim for foreldrelause og vanskelegstilte born her i 1885 (han finst her enno), og den newzealandske poeten James K. Baxter, som etablerte eit kollektiv her i 1970.

Landingsstader for elvebåtane[endre | endre wikiteksten]

Ein av mange maori-marae langs Whanganui River.

Whanganui River var livåra til dei tidlege busetnadane langs elvebreiddene. Elvebåtar gjekk i rute på elva, og også inn i sideelvene Ohura River og Ongarue Rivers så lenge desse ikkje var tilstoppa med tømmerstokkar etter flaumar.

Det er påstått at Taumarunui var den staden lengst oppe i Whanganui River som kunne nåast med elvebåt. Elveløpet vart halde i stand av «Wanganui River Trust Board» som mellom anna bygde kontrollmurar for å leia vasstraumen og gjera elveløpet djupare for trafikken. Likevel hende det at elvebåtar stundom måtte vinsja seg opp dei mest vanskelege stryka.

Landingsstad Busetnad Distanse frå munningen Reisetid opp/ned Koordinatar
Taumarunui Landing Taumarunui
Kirikau Landing Kirikau
Te Maire Landing Te Maire
Otumangu Landing Otumangu
Lacy's Landing
Wades Landing Retaruke Valley 39°6.65′S 175°3.98′E
Maungaparua Landing Maungaparua Valley
Tangahoe Landing Tangahoe
Mangatiti Landing Mangatiti
Parinui Landing Parinui
Ramanui Landing Ramanui
Pipiriki landing Pipiriki
Lower Pipiriki landing Pipiriki
Hipango Park Landing ?
Up-river Landing
Wanganui Wharves Wanganui

Taonga og māori-krav på land[endre | endre wikiteksten]

Elva er av spesiell andeleg interesse for māoriane, som også omtalar henne som Te awa tupua. Ho var heimstaden til ei rekkje māorilandsbyar i før-europeisk tid, og vert rekna som taonga, ein særs verdfull skatt. I seinare er det gjort freistnader på å tryggja elva, og gje henne den respekten ho fortener.

Av same årsak har elva vore eit av dei mest omstridde områda i landet når det gjeld krav om tilbakeføring av stammeland sette fram for Waitangitribunalet. Juridiske krav som gjeld område ved Whanganui River har vore av dei lengstvarande i newzealandsk rettshistorie,[3] med appellar og rettssaker i 1930-åra, høyringar i 1990-åra og okkupasjon av landområde, slik som den pågåande i Tieke Marae som har stått på sidan 1993, og den mykje omtala okkupasjonen av Moutoa Gardens i 1995.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Kajakkpadling er ein populær sport i elva.

Vassmengda i elva har endra seg etter at tilførsleelver vart dirigerte inn i Tauposjøen. Dette har mellom anna bidrege til at fleire tidlegare tiders elvebåtkonkurransar er blitt nedlagde (sjå nedanfor).

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Whanganui National Park
  • Fotturruta Whanganui Journey er administrert av Miljødepartementet under programmet Great Walks.
  • Fotturar (nord/sør- og aust/vestruter, kryssar Whanganui River)
    • Te Araroa Trail[4] - Turruta langs New Zealand og Whanganui.
    • East Cape til Cape Egmont traversen East Cape to Cape Egmont - 80 days traverse of the North Island, 1997. Forfattar: Raymond Salisbury. Utgjevar: Word for Word Publishing
    • Matemateaonga Tramping Trail (og andre)
  • Kanoturar - mengder av historiske og andre stader å vitja.
  • Årleg flåtekappløp, frå Piriaka til Taumarunui - Sist skipa til i 1970-åra.
  • Årleg Jet Boat-race, Taumarunui til Wangaunui - Sist skipa til i 1980-åra.

Bruer[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om elva er den lengst seglbare på New Zealand, har Whanganui forbausande få vegbruer. Berre to finst på den 290 kilometer lange strekninga mellom Wanganui og Taumarunui.

  • SH 47 Bridge nær Tongariro National Park
  • Taumarunui (x4) (medrekna Victory Bridge)
  • New Te Maire Bridge (1954)
  • Jerusalem, svingbru (ikkje lenger i bruk).
  • Wanganui (x3 - Dublin Street Bridge, City Bridge og Cobham Bridge)

Den mest «berykta» brua over Whanganui skulle byggjast nær Bridge to Nowhere og skulle ha bunde saman busetnadane Raetihi med Taranaki via Mangaparua. Det viste seg at framlegget om bygging var ein vallovnad, og at det ikkje vart noko av bygginga etter valet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Elvebåtar ved Pipiriki Landing
  2. Harper, Mudd, Whitfield & Hall The Rough Guide to New Zealand (2006) ISBN 1-84353-679-X side 309
  3. Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  4. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Whanganui River