Whangarei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whangarei
Whangarei is located in New Zealand

Whangarei City

Whangarei Territorial Authority.PNG

Whangarei District

Urbant område Folketal 48 300
Avgrensing Hikurangi til Portland
Te Hihi til flyplassen
Distriktsstyresmakt Namn Whangarei District Council
Folketal 72 200
Avgrensing Whangaruru til Waipu;
vest til Wheki Valley
Regionalt styre Namn Northland Regional Council
Overslag over folketalet den 30. juni 2004
Kjelde: Statistics New Zealand

Whangarei er det største bymessige (urbane) området i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Inntil 1989 vart staden omtala som ein by, men vert no styrt av Whangarei District Council [1]. Distriktet omfattar både Whangarei og dei nærliggjande områda. Trass i dette, vert Whangarei stort sett sett på som ein by, og vert derfor omtala som den nordlegaste byen på New Zealand.

Whangarei har eit subtropisk klima. Om sommaren vert det sjeldan meir enn 30° C. Nedbørsmengda er stor heile året.

Whangareidistriktet[endre | endre wikiteksten]

Whangareidistriktet omfattar landsbyen Hikurangi og forstadane Kamo, Tikipunga, Whau Valley, Otangarei, Kensington, Regent, Maunu, Morningside, Raumanga, og Onerahi. I tillegg til desse kjem det store landlege område som strendene Ngunguru, sportsfiskesenteret Tutukaka, og mange andre langs kystlinja til Whangarei.

Distriktet strekkjer seg så langt sør som til Bream Bay, og i nord omfattar det halvøya Cape Brett. I vest ligg skogsområdet Waipoua Forest. Øyene Hen and Chicken Islands og Poor Knights Islands vert òg rekna som ein del av Whangarei.

Kjende personar frå Whangarei[endre | endre wikiteksten]

Panorama over Whangarei

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]