Wheelers Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wheelers Bay

Wheelers Bay er ei lita bukt på søraustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for Ventnor. Bukta vender søraustover mot Den engelske kanalen og har ei 200 meter lang kystlinje.

På 1800-talet var strendene i Wheelers Bay og Horseshoe Bay nytta for å lesse av forsyningar, særleg kol. Båtar gjekk opp på stranda ved flo sjø, og lasta lessa over på hestevogner når det var fjøre.

I dag er kystlinja eit betongdike, bygd tidleg i 1990-åra for £1,6 million for å verne klippa mot erosjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°35′40″N 1°11′45″W