When I’m Sixty-Four

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«When I’m Sixty-Four» er ein kjærleikssong av The Beatles, skriven av Paul McCartney[1][2] (men tilskriven Lennon/McCartney). Han vart gjeve ut i 1967 på albumet deira Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Songen vert sungen av ein ung mann til kjæraste sin og omhandlar planane hans om å eldast i lag med ho. Sjølv om songen omhandlar det å verte gamal, var det ein av dei første songane McCartney skreiv, då han var seksten.[1] The Beatles nytta han i dei tidlege dagane som ein song dei spelte om forsterkarane deira braut saman eller straumen for.[3][4] Både produsent George Martin og forfattar Mark Lewisohn spekulerer i om McCartney har tenkt på songen under innspelinga av Sgt. Pepper fordi faren hans vart 64 tidlegare i 1966.[3][4]

Songen vart nesten gjeve ut på singel som B-side til anten «Strawberry Fields Forever» eller «Penny Lane». I staden valde Martin å gje ut ei dobbel A-side. Singelen nådde ikkje førsteplassen i Storbritannia, som den første Beatles-singelen sidan 1963.[5]

Ein klarinettrio er langt framme i songen, noko som er uvanleg i dei fleste musikksjangrar, men særleg i rock and roll. Instrumenteringa vart gjort av Martin etter ønske frå McCartney om å få inn ei kjensle av gamaldags musikk ved å nytte klarinettar «på ein klassisk måte»[4]

Songen vart spelt inn 6. desember 1966, under ein av dei første innspelingsdagane til det kommande Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. Klarinettane vart spelt inn 21. desember.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon – sologitar, korvokal
  • Paul McCartney – solovokal, bass, piano
  • George Harrison – korvokal
  • Ringo Starr – trommer og røyrklokker
  • Robert Burns, Henry MacKenzie og Frank Reidy – to klarinettar og bassklarinett[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar har spelt inn sine eigne utgåver av songen, mellom anna John Denver og Keith Moon.

Ivar Medaas gav ut ein nynorsk versjon kalla "Når eg er 67" i 1968.[8] med tekst av Johannes Gjerdåker. Den nynorske teksten er i all hovudsak ei ordrett omsetjing av originalteksten til Paul McCartney, bortsett frå at alderen er auka frå 64 til 67.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 319 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
  2. David Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono, s. 183 – St. Martin’s Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
  3. 3,0 3,1 Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 89 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
  4. 4,0 4,1 4,2 George Martin med William Pearson (1994) With a Little Help from My Friends: The Making of Sgt. Pepper, s. 34 – Little, Brown, Boston. ISBN 0-316-54783-2.
  5. George Martin (1994) With a Little Help from My Friends, s. 26 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  6. Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 89–91 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  7. Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 90 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  8. Vist på www.rockheim no