When I Grow Up (To Be a Man)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«When I Grow Up (to Be a Man)»
Singel av The Beach Boys
frå albumet The Beach Boys Today!
Utgjeve 24. august 1964
Innspelt instrument: 5. august 1964
vokal og gitarsolo: 10. august 1964
Sjanger Sunshine pop
Lengd 2:01
Selskap Capitol Records
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«I Get Around»
(1964)
«When I Grow Up (to Be a Man)» «Dance, Dance, Dance»
(1964)

«When I Grow Up (to Be a Man)» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut i 1965 på albumet deira The Beach Boys Today! og som singel nådde han niandeplassen på hitlistene i USA. Singelen kom ut i 1964 med «She Knows Me Too Well» som B-side. Songen vert sungen av både Brian Wilson og Mike Love.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I november 1969 selde far til Wilson-brørne, Murry Wilson, rettane til songane til bandet til Irving Almo for om lag $700 000.[1] I april 1992, like etter at Brian Wilson hadde vunne ei rettssak og fått rettane til songane sine attende, tapte han eit søksmål frå Mike Love, som hevda at han hadde vore med å skrive fleire av songane til Beach Boys og ikkje fått honorar for dette.[2] Ein av desse songane var «When I Grow Up (To Be a Man)». Songen var opphavleg berre tilskriven Brian og Carl Wilson, men Mike Love hevda at han hadde vore med å skrive teksten.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn over to dagar i 1964 i Western Recorders. Instrumenttsporet vart spelt inn 5. august og vokale lagt på fem dagar seinare, den 10. august. Instrumentsporet, som var arrangert av Brian Wilson, vart spelt av Carl Wilson on på solo- og rytmegitar, Al Jardine på elektrisk bassgitar, Brian Wilson på akustisk piano og cembalo, Carrol Lewis på munnspel og Dennis Wilson på trommer. Både Mike Love og Brian Wilson syng solovokal på songen, medan Brian, Carl & Dennis Wilson, Mike Love og Al Jardine syng korvokal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beach Boys Timeline - 1969
  2. Beach Boys Timeline - 1992

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]