When a Blind Man Cries

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
When a Blind Man Cries
Singel av Deep Purple
frå albumet Machine Head
A-side «Never Before»
Utgjeve 18. mars 1972
Innspelt 6.-21. desember 1971
Montreux i Sveits
Sjanger Bluesrock
Lengd 3:32
Selskap EMI (U.K.)
Warner Bros. Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi
«Strange Kind of Woman»
(1971)
When a Blind Man Cries «Smoke on the Water»
(1973)

«When a Blind Man Cries» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple, opphavleg gjeven ut som ei B-side til singelen «Never Before» i 1972. Han vart spelt inn under innspelinga av albumet Machine Head i desember 1971, men kom ikkje med på dette albumet.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Sidan gitarist Ritchie Blackmore mislikte «When a Blind Man Cries» spelte aldri bandet songen live medan han var med i bandet, utanom ein gong, den 6. april 1972 i Quebec i Canada, då Blackmore var sjuk og Randy California frå Spirit tok over. Ian Gillan spelte songen på konsertar med Ian Gillan Band i 1970- og 1980-åra.

Joe Satriani erstatta Blackmore i november 1993, vart «When a Blind Man Cries» teken inn på setlista att. Songen har vore ein fast song på konsertane deira sidan, og er med på dei fleste konsertalbuma gjeven ut med Steve Morse.

Etter at Steve Morse kom inn i bandet, vart mykje av songen skriven om, og han varer i dag kring sju minuttar med ein lang gitarsolo av Morse. Originale er berre kring tre minuttar.

I tillegg har songen vorte gjeven ut på Gillan's Inn av Ian Gillan med den gitarist Jeff Healey.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1999 spelte Richie Sambora frå Bon Jovi som gjestemusikar på eit Stuart Smith-album «Stuart Smith’s Heaven and Earth» på denne songen.

Gary Barden spelte songen for albumet Rock 'n' Roll My Soul i 2011.

Songen vart òg spelt inn av Axel Rudi Pell for albumet Nasty Reputation.