When the Levee Breaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«When the Levee Breaks»
Låtskrivar Memphis Minnie & Kansas Joe McCoy
Skriven 1929
Språk engelsk
Form Blues
Opphavleg artist Memphis Minnie & Kansas Joe McCoy (1929)
Framført av Gov't Mule (2005)
Tori Amos (2005)
Alison Krauss (2008)
Bonerama

«When the Levee Breaks» er ein bluessong skriven og først spelt inn av ekteparet Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie i 1929. Songen er ein reaksjon på uroa etter Den store Mississippi-flaumen i 1927.

Ein kjend versjon vart spelt inn av det engelske rockebandet Led Zeppelin som den siste songen på det fjerde albumet deira, frå 1971. Teksten i Led Zeppelin-utgåva var delvis basert på den originale innspelinga. Mange andre artistar har òg spela songen.

Sjølv om Led Zeppelin har opphavsretten på versjonen sin er den originale songen av Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie i dag offentleg eigedom.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den originale «When the Levee Breaks» vart spela inn av bluesduoen Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie. Første halvdel av 1927 herja den store Mississippi-flaumen staten Mississippi og omliggande område. Mange heimar vart øydelagde og det gjekk hardt utover jordbruksøkonomien i området. Mange vart tvungen til å flytte til byane i Midtvesten og medverka til den store folkevandringa i USA av afroamerikanarar på den første halvdelen av 1900-talet. Flaumen vart tema i mange deltabluessongar, som «When the Levee Breaks» (med teksten «I works on the levee, mama both night and day, I works so hard, to keep the water away» og «I's a mean old levee, cause me to weep and moan, gonna leave my baby, and my happy home»). Songen fokuserer hovudsakleg på dei meir enn 13 000 innbyggjarane i og nær Greenville i Mississippi som vart evakuerte til ein nærliggande elvebarde. Songen omhandlar kva som skulle skje om elvebarden hadde gjeve etter for vatnet på andre sida.[2][3]

Led Zeppelin-utgåva[endre | endre wikiteksten]

When the Levee Breaks
Song av Led Zeppelin
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971
Sjanger Bluesrock, hardrock
Lengd 7:08
Selskap Atlantic
Komponist John Bonham
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones/Bonham/Memphis Minnie
Produsent Jimmy Page

Led Zeppelin spelte inn songen i desember 1970 i Headley Grange, der bandet nytta Rolling Stones Mobile Studio. Dei hadde tidlegare prøvd å spele inn songen utan hell i Island Studios i byrjinga av innspelinga for det fjerde albumet.[4]

Led Zeppelin-utgåva inneheld ein særeigen trommerytme av John Bonham, drivande gitarar og hylande munnspel, alle tilsynelatande meint å symbolisere det kraftige uvêret som trugar med å bryte elvebarden. Vokalen vart prosessert forskjellig på kvart vers, stundom med phasing. Plant hadde den originale McCoy- og Minnie-innspelinga i den private samlinga si. Han fjerna og omarrangerte linjene i originalen og la til ny tekst.

I følgje gitarist og produsent Jimmy Page er songstrukturen «eit riff eg hadde arbeidd med, men det var trommene til Bonzo som verkeleg utgjer ein skilnad.»[5] Dei kjende trommene vart spelt inn av lydteknikar Andy Johns ved å plassere Bonham og trommesettet hans nedst i ein trappeoppgang i Headley Grange, og så plassere mikrofonane på toppen av trappene, slik at ein fekk den særeigne klangen.[6][7] Page forklarte seinare:

« Me spelte i eit rom i huset med innspelingsbilen, og trommene vart sett opp ute i hovudhallen, som er ein tre etasjar høg hall med trapper på innsida. Då John Bonham gjekk ut og spelte trommer i hallen, tenkte eg «Åh, vent, me må gjere dette!» Merkeleg nok er det berre ein stereomikrofon på toppen av trappa i andre etasje, og det var den naturlege balansen hans.[8] »

Tilbake i Rolling Stones mobile studio komprimerte Johns trommelyden gjennom to kanalar og la på ekko gjennom Binson-ekkoeininga til Plant.[4] Trommebeaten har lenge vore populære i hip hop- og dance-miljø på grunn av den «tunge» lyden, og er sampla på mange songar.[9] Ein gong saksøkte bandet Beastie Boys for å ha nytta trommene på «Rhymin & Stealin» frå Licensed to Ill.[10]

Page spelte inn munnspelet til Plant med å bruke teknikken baklengsekko, der lydbandet vert snudd om, spelt av og fanga til eit nytt lydband med ekko, og så snudd, slik at ekkoet kjem før sjølve lydsignalet.[4]

«When the Levee Breaks» vart spelt inn i eit anna tempo, og sakka ned for å gje ein meir «gjørmete» lyd, særleg på munnspelet og gitarsoloane. Songen vart altså kraftig produsert i studio og var vanskeleg å gjenskape på konsertane. Bandet spela derfor songen berre eit par gonger på turneen deira i USA i 1975.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har spela songen:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "When the Levee Breaks" When the Levee Breaks. archive.org. Henta 25. mars 2011
  2. Cheseborough, Steve (1 May 2004). Blues Traveling: The Holy Sites of Delta Blues. Mississippi: University Press of Mississippi. s. 132–133. ISBN 1-57806-650-6. 
  3. Garon, Paul (1 April 1992). Woman With Gitar: Memphis Minnie's Blues. Da Capo Press. ISBN 0-306-80460-3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  5. Dave Schulps, Intervju med Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  6. 6,0 6,1 Welch, Chris (1 October 1998). Led Zeppelin: Dazed and Confused - The Stories Behind Every Song. Thunder's Mouth Press. s. 70, 72. ISBN 1-56025-188-3. 
  7. 7,0 7,1 Lewis, Dave (1 September 2004). Led Zeppelin: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. s. 33. ISBN 1-84449-141-2. 
  8. National Public Radio, Guitar Legend Jimmy Page, 2. juni 2003.
  9. «Artist Samples beginning with the letter L». The-Breaks.com. Henta 25. mars 2011. 
  10. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000)
  11. Robert Plant and Alison Krauss at the Birmingham NIA, arkivert frå originalen 12. mai 2008, henta 25. mars 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]