Mens du sov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå While You Were Sleeping)
Gå til: navigering, søk
While You Were Sleeping
Norsk tittel: Mens du sov
Språk Engelsk
Sjanger Romantisk komedie
Regissør Jon Turteltaub
Produsent Roger Birnbaum
Joe Roth
Manus Daniel G. Sullivan
Fredric LeBow
Medverkande Sandra Bullock
Bill Pullman
Peter Gallagher
Peter Boyle
Glynis Johns
Jack Warden
Musikk Randy Edelman
Diane Warren
Sjeffotograf Phedon Papamichael, Jr.
Klipp Bruce Green

Mens du sov (engelsk originaltittel While You Were Sleeping) er ein amerikansk romantisk komediefilm frå 1995. Filmen vart regissert av John Turtletaub med Sandra Bullock og Bill Pullman i hovudrollene. Daniel G. Sullivan og Frederic Lebow skreiv manuset medan filmmusikken var skriven av Randy Edelman.

Rollene vert spelte av mellom andre Sandra Bullock, Bill Pullman, Peter Gallagher, Peter Boyle, Jack Warden, Glynis Johns, Micole Mercurio, Jason Bernard, Michael Rispoli, Monica Keena og Ally Walker.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Lucy tek imot billettmyntar ved undergrunnen i Chicago.

Sandra Bullock spelar Lucy, ein grå og einsam arbeidar ved undergrunnen i Chicago. Ho har eit godt auge til pendlaren Peter Callaghan (Peter Gallagher), og redder han frå jarnbanesporet etter at han er blitt dytta medvitslaus der av ein ranarførste juledag. Lucy følgjer med til sjukehuset der ein sjukepleiar høyrer henne seia at «eg skulle gifta meg med han». Sjukepleieren trur dei to er trulova, og fortel dette til Peter sin familie. I kaoset som oppstår får ikkje Lucy seg til å forklara sanninga. Seinare tilstår ho kva som har skjedd til Peter, som framleis er i koma. Ho blir overhøyrd av Saul (Jack Warden), gudfaren til Peter, som konfronterer henne, men går med på å halda på løyndommen.

I mellomtida har Lucy blitt kjend med Jack (Bill Pullman), bror til Peter, og dei er blitt forelska. Då Peter vakner etter nyttår kjenner han ikkje att Lucy, og alle trur han har mista minnet. Saul føreslår at han skal be Lucy om å gifta seg med han oppatt. Ho seier ja, sjølv om ho eigentleg elsker Jack. Då Jack vitjer henne dagen før bryllaupet ber Lucy han om ein grunn til at ho ikkje skal gifta seg med Peter, men han gjev henne ingen.

På sjølv bryllaupsdagen stoppar Lucy seremonien og fortel sanninga til heile familien. Så kjem også den eigentlege trulova til Peter, Ashley Bartlett Bacon (Ally Walker), for å stoppa bryllaupet. Lucy trekk seg ut medan familien krangler.

Ei tid seinare kjem Jack til Lucy medan ho er på jobb. Han legg ein trulovingsring i billettluka hennar og frir til henne medan heile familien ser på. Filmen sluttar med at dei kysser kvarandre etter å ha blitt gift og tek undergrunnsbanen for å dra på bryllaupsreise. Lucy fortel over avsluttinga at då Peter spurde henne kva tid ho blei forelska i Jack, svarte ho at det var «mens du sov».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]