Whina Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whina Cooper

Fødd9. desember 1895
Hokianga Harbour
Død26. mars 1994 (98 år)
Statsborgar avNew Zealand
Yrkelærar, historikar, aktivist, community leader
Utdanna vedSt Joseph's Maori Girls' College
FarHeremia Te Wake

Dame Whina Cooper (9. desember 189526. mars 1994) var ein kjend māorileiarNew Zealand. Ho vart fødd i Te Karaka i Hokianga som dotter til iwileiaren i Te Rarawa.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå ung alder var Cooper interessert i lokale samfunnssaker og politikk, og dei medfødde evnene og dugleiken hennar gjorde henne til den sjølvsagte leiaren for māorifolket i det nordlege Hokianga frå ho var midt i 30-åra.

I 1949 flytta ho til Auckland, og i 1951 vart ho vald til den første presidenten i den nystifta organisasjonen, The Māori Women’s Welfare League. Organisasjonen sin framgang kom for ein stor del av arbeidet til Whina, og ho vart velkjend over heile landet. I 1957 drog ho seg attende som president, og årsmøtet hylla henne med tittelen Te Whaea o te Motu («mor til nasjonen»).

Whina Cooper heldt fram med å arbeida for å fremja māoriske interesser gjennom 1960-åra, men ho er best hugsa for at ho i 1975 leia ein hikoi — ein symbolsk marsj — i protest mot tap av māoriland. Marsjen, som gjekk frå nordspissen av Nordøya til parlamentet i Wellington i den andre enden av øya, gav henne nasjonal merksemd, der den bestemte skapningen, ikkje lenger kroppssterk, men sterk i vilje og mana, gjekk fremst i marsjen frå Te Hapua til Wellington.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Ho vart utnemnd til Dame of the British Empire (DBE) i 1981, og medlem av Order of New Zealand i 1991. Whina Cooper vende attende til Panguru i Hokianga i 1983, og døydde der 98 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]