Whippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Whippet er ein engelsk mynde som på 1800-talet vart ein populær veddeløpshund blant den engelske arbeidarklassen, som ikkje hadde økonomi til å halde greyhound.

Opphav og alder[endre | endre wikiteksten]

Rasen er omtalt alt på 1600-talet, men reknast ikkje for å ha vorte etablert skikkeleg før omkring midten av 1800-talet. Han vart anerkjent som eigen rase av American Kennel Club i 1888, men først i 1891 av The Kennel Club i Storbritannia.

Det finst fleire døme frå historia på små greyhoundliknande hundar, heilt tilbake til romartida, som hundane på statuen som vart funne i ruinane av Pompeii. Rasen vart likevel eigenleg skapt av nordengelske kolgruvearbeidarar på 1700-talet.

Opphavet er ikkje heilt fastslått, men han blir rekna å ha vorte kryssa fram med bruk av småvaksne greyhoundar og 2-3 ulike langbeinte terrierrasar. Seinare fatta òg den engelske overklassa interesse for denne vesle hunden og kryssa inn italiensk mynde, noko som gav han dagens form og fasong.

I England gjekk han lenge under tilnamnet «the poor man's race horse», fordi arbeidarane der var like spelegalne som overklassa, men dei rådde ikkje over dei same økonomiske ressursane. Greyhound var for kostbar, både å halde og å skaffe. Den vesle whippeten var langt rimelegare på alle måtar, men likevel nesten like rask som greyhound og difor like veleigna til veddeløp.

Utsjånad, anatomi og fysikk[endre | endre wikiteksten]

Whippet

Whippet er ein liten, men kraftfull og høgreist hund med flotte proporsjonar og lange, muskuløse linjer. Pelsen er kort og glatt og kjem i mange fargar og fargekombinasjonar. Hannane skal i følgje standard vere 47-51 cm i mankehøgd, og tispene 44-47 cm høge. I dag ligg mange whippetane i øvre del eller noko over denne skalaen.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Hunden er opphavleg avla for hetsjakthare og anna småvilt, men vart tidleg den engelske arbeidarklassen sin «veddeløpshest». I dag er rasen først og fremst ein god familiehund, sjølv om både hundeveddeløp og lure coursing er populært. I dei seinare åra har rasen òg vist seg ypparleg eigna som terapihund, spesielt i USA.

Lynne og veremåte[endre | endre wikiteksten]

Ung whippet

Whippet er skapt for jakt og fare, men er normalt ein svært roleg og harmonisk hund, som er både hengiven og barnekjær. Han kan vere litt reservert overfor framande, og han likar ikkje ståk og støy. Rasen har dessutan ein praktisk storleik. Han vert rekna som ein særs reinsleg hund.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Whippet er ein særs sosial rase som trivst dårleg åleine heime. Pelsen blir børsta 1-2 gonger i veka med ein mjuk børste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]