Whitby

Koordinatar: 54°29′N 0°37′W / 54.483°N 0.617°W / 54.483; -0.617
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Whitby

Elva Esk i Whitby
Elva Esk i Whitby
Elva Esk i Whitby
Plassering
Whitby is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap North Yorkshire
Distrikt Scarborough
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

13 594
Koordinatar 54°29′N 0°37′W / 54.483°N 0.617°W / 54.483; -0.617
Diverse annan informasjon
Postnummer YO21, YO22
Telefon-retningsnummer 0 1947
Commons har multimedium som gjeld: Whitby

Whitby er ein historisk kystby i North Yorkshire på nordaust-kysten av England, ved munningen av elva Esk, ca 80 km frå York. Han ligg i nasjonalparken North York Moors, og er største busetjinga innanfor det verna området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen går minst tilbake til saksarane, og den tidlegaste historia er nært knytt til klostret som vart bygd høgt over den austlege klippa ved byen, av saksarkongen Oswy i 657. Dette var eit såkalla «dobbeltkloster», altså eit kloster for både munkar og nonner.

I 867 gjekk danske vikingar i land nokre kilometer vest for byen, og gjekk til åtak på busetjingane og øydela klostret. Etter den normanniske invasjon av England i 1066 avgjorde William de Percy i 1078 at klostret skulle gjenopprettast til ære for St. Peter og St. Hilda.

Heilt fram til Elizabeth Is styre var Whitby ikkje stort anna enn ein liten fiskerhamn. I 1540 var det mellom 20 og 30 hus der, med ein folkesetnad på rundt 200 menneske.

På slutten av 1500-talet reiste Thomas Chaloner frå York til Italia og vitja alunverka til Kyrkjestaten. Han la merke til at bergartane dei vann ut alun frå var identiske med dei som fanst i overflod på eigedomen hans i North Yorkshire. Alun var på den tida eit viktig produkt som vart brukt ved garveri, til tøyfarging og til medisinsk nytte. Fram til då hadde Kyrkjestaten hatt så godt som monopol på produksjon og sal av alun. I løyndom tok Chaloner med seg nokre av arbeidarane til paven til England, og i åra som følgde utvikla han ein blømande alunindustri i Yorkshire. Dette skal ha resultert i at prisen på alun på det internasjonale marknaden fall kraftig, og følgjeleg reduserte ei tradisjonell inntektskjelde for Vatikanet, med det resultatet at Chaloner vart ekskommunisert (bannlyst).

Austre pir

Fleire alunbrot vart etablert nær Whitby, og både alunindustri og koltransport vart viktige inntektkjelder sidan kull var naudsynt for å framstille alun. Til dette trong ein skip, så byen visste å gjere bruk av den lokale eika til skipsbygging. Velstanden til byen auka. Skattar på importerte varer over Whitby hamn finansierte hamneutbygging med dei to pirane, som la tilhøva til rette for ytterlegare handelsverksemda.

I 1753 sette det første kvalskipet segl mot Grønland. Dette var starten på ein ny periode for byutviklinga, og rundt 1795 var Whitby vorte ein viktig kvalindustriby.

Whitby var åstaden for «Rohilla»-ulykka den 30. oktober 1914, då hospitalskipet «Rohilla» sokk – anten etter å ha gått på eit skjer eller ei mine; det er det usemje om – knappe 2 kilometer sør for Whitby hamn nær land. 85 menneske mista livet i ulykka, dei fleste av dei er gravlagde på kyrkjegarden i Whitby. 144 menneske vart redda etter at lokale innbyggjarar hadde organisert ein heroisk redningsaksjon som varte i over 50 timar.

Whitby i dag[endre | endre wikiteksten]

Hamna er strategisk plassert i tilhøve til Europa, og med svore god nærleik til Skandinavia. Han er utrusta til å ta imot mange typar last, til dømes korn, stål, tømmer og pottaske. Skip på opptil 3000 dwt kan anløpe, og 2 store skip kan laste eller losse samstundes. 5000 m² hamnelager er avsett til allvêrslagring medan ytterlegare 1600 m² finst for lagring av vêrkritisk last.

Gjennom hundreåra har byen spreidd seg både innover i landet og over til vestbreidda av hamna. Dei tronge smuga og pittoreske småhusa på austsida er no for ein stor del eit sjarmerande butikkområde, og er vorte ein populær turistattraksjon.

Ei karakteristisk røyklukt røper at det her finst eit bittelite røykeri som framstiller spesialiteten kippers, røykt salta sild. Høgda over busetnaden er enno dominert av ruinane av det tidlegare omtalte klostret Whitby Abbey og av kyrkja Saint Mary's med tilhøyrande kyrkjegard. Hit kan ein kome ved å klatre opp dei 199 trappetrinn frå hamna. Vestsida har sine eigne landemerke; der finst ein statue av James Cook, som segla frå denne byen, og ein bogegang av to kvalbein, til minne om han ein gong så store kvalindustriem. Her finst òg eit Dracula-museum; ein stor del av handlinga i den kjende romanen til Bram Stoker er lagt til Whitby, til dømes då Dracula kjem til England, som i følgje boka skjedde på eit skip, Demeter, som vart skylt på land i hamna.

To gonger i året haldast festivalen Whitby Gothic Weekend i byen, for tilhengarar av goth-kulturen; at dette finn stad akkurat her har nok samanheng med Dracula-sambandet.

Mange av scenane i serien Med hjartet på rette staden vert spelt inn i Whitby, då særleg dei som omhandlar kystmiljø. Aidensfield (Goathland) ligg eit kvarter køyring innover i landet. I Whitby finst òg ein attraksjon som rullar og går; ein dampdriven buss med ein sjåfør som òg er lokførar på Galtvortekspressen i filmane om Harry Potter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]