White Nothe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
White Nothe og Ringstead Bay frå Smugglers Path.
White Nothe er ei nes ved Den engelske kanalen aust i Ringstead Bay, aust for Weymouth i Dorset i England. Området er velkjend for geologien og dei mange fossila som er å finne her. Sidene av neset kjem av gamle jordras.
Det går ein flott sti opp klippa, som ein meiner vart nytta av smuglarar. Det er mogeleg å gå frå botn av White Nothe langs kysten frå Ringstead Bay, men vegen vert dekka av sjøen ved flo.
Området er delvis eigd av National Trust.[1] Frå toppen av White Nothe kan ein i aust sjå kalkklippa Bat's Head. Det er mogeleg å gå austover langs toppen av klippa til Durdle Door og Lulworth Cove. Ut mot havet kan ein sjå Isle of Portland.
Like nordvest for White Nothe ligg Burning Cliff.
Bakgrunnsstoff [endre]
- White Nothe på sida til Joint Nature Conservation Committee (JNCC)
- Ringstead Bay til White Nothe frå Ian West sin Geology of the Wessex Coast
- Fossil og geologi i White Nothe, Dorset
- South West Coast Path National Trail
- White Nothe i Ringstead på Walks4softies
Galleri [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «White Nothe» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ West, Ian M. Ringstead Bay to White Nothe, Geology of the Wessex Coast (Jurassic Coast, Dorset og East Devon World Heritage Site). National Oceanography Centre, Southampton University, UK. Version: 2. april 2009.