Whitecliffs
-
- (For byen i Australia sjå White Cliffs i New South Wales)
Whitecliffs er ein liten by med eit folketal på 117. Han ligg i Selwyn District i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand. Han har også vore kjend som South Malvern (Sheffield var tidlegare kjend som Malvern), og namnet Whitecliffs kjem frå dei terrasserte klippene ovanfor elva Selwyn River. Byenvar tidlegare betydeleg større enn no, og hadde industriverksemder som keramikkverkstadar og teglverk, og kolgruver og sandtak fanst i nærleiken. Byen var så økonomisk viktig at det vart bygd ei sidelinje frå Midland Line, Whitecliffs Branch, til byen. Denne opna 3. november 1875. Passasjertransporten heldt fram til 13. mars 1949, og på grunn av minkande frakt vart linja heilt stengd 31. mars 1962. Lokomotivstallen til jarnvegen står enno i byen.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Whitecliffs» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2011.