Whitesand Bay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Whitesands Bay i Pembrokeshire.
Whitesand Bay er ei vid sandstrand vest i Cornwall i Storbritannia. Ho strekkjer seg 1,5 km nordover frå Sennen Cove.
Stranda i Whitesand Bay vert mykje nytta av surfarar. Det meste av tida, og ved flo sjø, er stranda delt i to: Sennen Cove i sør og Gwynver i nord. I sørenden, ved Sennen Cove, finst det toalett, ein surfebutikk, ein restaurant og parkeringsplassar.[1].
Perkin Warbeck gjekk i land her under starten av det andre korniske opprøret i 1497.[2]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Whitesand Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.thecornishcoast.co.uk/nodogmap.htm
- ↑ Payton, Philip (2004). «We Utterly Refuse ... This New English». Cornwall A History (2nd revised ed.). Fowey: Cornwall Editions Limited. ss. 111. ISBN 1904880053.