Whitney Houston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whitney Houston i Central Park i New York i 2009.

Whitney Elizabeth Houston (fødd 9. august 1963 Newark i New Jersey, død 11. februar 2012 Beverly Hills i California) var ein amerikansk songar, skodespelar og fotomodell. Ho framførte blues, soul og pop-songar, og var kjend for fleire hitsinglar som «I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me)», «The Greatest Love of All» og ein ballade frå filmen The Bodyguard frå 1992, «I Will Always Love You», som blei den mestseljande singelen frå ein kvinneleg artist til då. Debutalbumet hennar, Whitney Houston frå 1985, slo også rekordar for kvinnelege artistar med eit salstal på 24 millionar.

Houston vann fleire hundre prisar, mellom anna fleire Emmy-, Grammy-, Billboard- og American Music-prisar. Ho var den første kvinnelege afroamerikanske artisten som blei mykje spelt på MTV. Dette, saman med hennar blanding av tradisjonelt «svart» og «kvit» musikk, gjorde henne til ei internasjonal superstjerne og eit førebilete for mange seinare musikarar, som Mariah Carey og Christina Aguilera.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Whitney Houston vart fødd som yngstebornet i ein mellomklassefamilie i Newark. Faren var offiser og mora hennar var gospelsongarinna Cissy Houston. Whitney Houston hadde Aretha Franklin som gudmor, og to av kusinene hennar Dee Dee Warwick og Dionne Warwick vart også kjende songarar. Ho song mykje i baptistkyrkja ho voks opp med. I tenåra opptrådte ho stundom saman med mora, og song bakgrunnsvokal for artistar som Chaka Khan og Jermaine Jackson. Året ho fylde 20 signerte ho platekontrakt med Arista Records, og i 1984 song ho saman med Teddy Pendergrass duetten «Hold Me», som vart utgjeven som singel.

Med hjelp frå mellom anna Jermaine Jackson fekk Whitney Houston gjeve ut debutalbumet sitt, Whitney Houston i februar 1985. Pressa var imponert over den sterke, klåre stemma hennar, og albumet selde godt. Same året vann Whitney Houston sin fyrste Grammy-pris. I 1987 kom oppfylgjarplata Whitney, der mellom anna superhiten «I Wanna Dance With Somebody (Who Loves Me)» var med. Plata Whitney selde over 20 millionar eksemplar på verdsbasis, og bidrog til at Whitney Houston var den afroamerikanske kvinna med høgst inntekt på dette tidspunktet.

Whitney Houston under veldedigheitskonserten Welcome Home Heroes i 1991.

Whitney Houston var apartheidmotstandar og tilhengjar av menneskerettsforkjemparen Nelson Mandela. Då ho var på europaturné i 1988, opptredde ho på ein konsert på Wembley Stadion i London i høve til 70-årsdagen til den då fengsla Mandela. I 1989 skipa ho stønadsorganisasjonen The Whitney Houston Foundation for Children, som donerte pengar til born med kreft, HIV/AIDS eller andre vanskar. Ho gav ut sitt tredje album, I'm Your Baby Tonight i 1990, der ho henta inn musikalsk hjelp frå Stevie Wonder med fleire.

Den 27. januar 1991 opptredde Whitney Houston i den prestisjetunge pauseunderhaldninga på Super Bowl. På denne tida var USA innblanda i Golfkrigen, og Houston si framføring av nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner» gjorde sterkt inntrykk. Framføringa hennar vart så godt likt at ho vart utgjeven på singel og video kort tid etter.jiiiii

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

I 1992 vart Whitney Houston gift med musikaren Bobby Brown. Same året kom filmen The Bodyguard ut, der ho debuterte som skodespelar. Houston spelte filmstjerna Rachel Marron, som treng ein livvakt (Kevin Costner) til å beskytta henne frå ein forfylgjande fan. Whitney Houston deltok også på lydsporet til filmen, der ho song ein ballade som opphavleg vart skriven av Dolly Parton. Songen «I Will Always Love You» er Whitney Houston sin mest kjende i dag, og vart enormt populær over heile verda.

I mars 1993 vart dottera Bobbi Kristina Houston Brown fødd, einaste barnet til Whitney Houston. To år seinare fekk ho ei ny stor filmrolle i filmen Kvinner i åndenød som portretterte afroamerikanske kvinner. Lydsporet vart produsert av Whitney Houston og artisten Babyface, og hadde med musikarane Mary J. Blige, Brandy Norwood, Toni Braxton, Aretha Franklin og Patti Labelle. I 1996 spelte Whitney Houston ei pastorkone i filmen Som sendt fra himmelen med Denzel Washington som pastor. Også i denne filmen la Whitney Houston ned mykje arbeid med lydsporet. I 1997 spelte ho i filmen Cinderella. Då filmen Prinsen av Egypt kom ut i 1998, song ho og Mariah Carey inn duetten «When You Believe», som vart med på lydsporet.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

På grunn av mykje arbeid med både skodespel og filmmusikk, gjekk det åtte år mellom Whitney Houston sitt tredje og fjerde album. I november 1998 gav ho ut My Love Is Your Love, der stilen hennar hadde gått meir i retning av hip-hop og R&B. I mai 2000 gav ho ut si fyrste samleplate: Whitney: The Greatest Hits.

I januar 2000 vart Whitney Houston og ektemannen tekne med marihuana i bagasjen på ein flyplass på Hawaii, og det gjekk stadig rykte om at Whitney Houston og Brown brukte stoff. Houston vedgjekk rusmisbruk i eit intervju med Oprah Winfrey i 2010, og la seg inn på avrusing to gonger. Whitney Houston og Bobby Brown skildest i 2007.

Whitney Houston si femte plate, Just Whitney frå 2002, fekk blanda mottaking, men allereie året etter lanserte ho joleplata One Wish: The Holiday Album. Houston gav ut det som skulle bli hennar siste plate, I Look To You, i 2009. I 2011 spelte ho ei av hovudrollene i filmen Sparkle, som skal koma ut i løpet av 2012.

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

I januar 2012 vart Whitney Houston funnen død i eit badekar på eit hotellrom i Beverly Hills i California, 48 år gamal. Det vart utført fyrstehjelp på henne i 20 minutt, men utan verknad. Årsaka til dødsfallet er så langt ukjend.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Whitney Houston (1985)
  • Whitney (1987)
  • I'm Your Baby Tonight (1990)
  • My Love Is Your Love (1998)
  • Just Whitney (2002)
  • One Wish: The Holiday Album (2003)
  • I Look to You (2009)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Whitney Houston

Kjelder[endre | endre wikiteksten]