Who's Next

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Who’s Next)
Who's Next
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 14. august 1971[1]
Innspelt April–juni 1971
Studio Olympic i London i England[2]
Stargroves i East Woodhay i England (Rolling Stones Mobile Studio)[3]
Sjanger Hardrock
Lengd 43:38
Selskap Track, Decca
Produsent The Who
Glyn Johns (assoc)
Chris Stamp (leiande)
Kit Lambert (leiande)
Pete Kameron (leiande)
The Who-kronologi 
Live at Leeds
(1970)
Who's Next Meaty Beaty Big and Bouncy
(1971)


Singlar frå Who's Next
  1. «Won't Get Fooled Again»
    Utgjeve: 25. juni 1971[4]
  2. «Baba O'Riley»
    Utgjeve: 23. oktober 1971 (Europa)[5]
  3. «Behind Blue Eyes»
    Utgjeve: 6. november 1971[6]

Who's Next er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 31. juli 1971 på Decca og MCA i USA og 25. august 1971 i Storbritannia på Track og Polydor. Albumet har opphavet sitt i ein rockeopera av Pete Townshend kalla Lifehouse. Det ambisiøse og kompliserte prosjektet vart aldri realisert og i staden vart mange av songane for prosjektet omskrive og gjeve ut som Who's Next.

Åtte av ni songar på Who's Next var frå Lifehouse. Det einaste unntaket var John Entwistle sin «My Wife». Etter kvart vart alle songane frå Lifehouse gjeven ut på andre album gjennom 70-åra.

The Who spelte inn Who's Next i lag med lydteknikaren Glyn Johns. Etter å ha produsert songen «Won't Get Fooled Again» i Rolling Stones Mobile Studio, flytta dei til Olympic Studios for å spele inn og mikse det meste av dei andre songane der. Dei brukte mykje synthesizer på albumet, særskild på «Won't Get Fooled Again» og «Baba O'Riley», som begge kom ut på singlar. Fotografiet på framsida av omslaget vart teken av Ethan Russell; og var ein referanse til monolitten i filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968.

Who's Next var eit kritikarrost album og ein stor kommersiell suksess.[7] Det har sida blitt rekna som det beste Who-albumet og eit av dei beste gjennom tidene.

Lifehouse[endre | endre wikiteksten]

Albumet har røtene sine i Lifehouse-prosjektet, som Pete Townshend fleire gonger har skildra som ein futuristisk rockeopera, eit konseptalbum innspelt under ein konsert som skulle brukast til eit filmprosjekt. Prosjektet viste seg å verte vanskeleg å handsame på fleire nivå og førte både til indre gnissingar i bandet og til at Townshend og produsenten til The Who, Kit Lambert vart uvener. Fleire år seinare skreiv Townshend i omslaget til CD-utgåva av albumet at prosjektet nesten førte han ut i eit sjølvmordarisk nervøst samanbrot.

Etter å ha gjeve opp innspelinga av nokre av songane til Lifehouse i New York, gjekk The Who tilbake til studio i lag med den nye produsenten Glyn Johns og starta på nytt. Sjølv om Lifehouse-konseptet vart forlate, finst restane av prosjektet i albumet. Den første tekstlinja i songen «Pure and Easy», som Townshend skildra som midtpunktet i Lifehouse, kjem til syne i slutten på songen «The Song Is Over». Eit tidleg konsept for Lifehouse var mellom anna å føre persondata frå medlemmer i publikum inn i ein boks knytt til ein tidleg analog synthesizer for å skape eit musikalsk spor. Det vert ofte trekt fram at det var ved å setje inn persondataa til Meher Baba at ein fekk bakgrunnssporet til «Baba O'Riley», men i røynda var det Townshend som spelte eit Lowrey-orgel.[8] Då bandet gav seg med det opphavlege prosjektet fekk dei derimot ein ny fridom til å få det maksimale ut av kvart enkelt spor, utan tanke på det overliggande musikalske temaet eller historia i Lifehouse-soga.

Sjølv om han gav opp dei opphavlege planane for Lifehouse-prosjektet, heldt Townshend fram med å utvikle konseptet, og kom tilbake til dei på seinare album. I 2006 opna han nettsida The Lifehouse Method der ein kunne leggje inn persondata og lage eigne musikalske portrett.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Who's Next vart spelt inn i Olympic Studios i Barnes med Glyn Johns.

Den første innspelinga for det som vart Who's Next var heime hos Mick Jagger, Stargroves, i byrjinga av april 1971 ved hjelp av Rolling Stones Mobile. Akkompagnementet for «Won't Get Fooled Again» vart spelt inn der[3] før bandet valde å flytte til Olympic etter forslag frå Johns.[9] Den første innspelinga var 9. april, då dei spelte inn eit enkelt opptak av «Bargain».[10] Mesteparten av innspelinga gjekk føre seg i mai, då gruppa spelte inn «Time is Passing», «Pure and Easy», «Love Ain't for Keeping» (som hadde blitt omarbeidd frå eit rockespor til eit akustisk arrangement), «Behind Blue Eyes», «The Song Is Over», «Let's See Action» og «Baba O'Riley». Nicky Hopkins var gjesteartist på piano, medan Dave Arbus vart invitert av Moon til å spele fiolin på «Baba O'Riley». John Entwistle sin «My Wife» vart lagt til på albumet seint i prosessen etter at han opphavleg var meint for eit soloalbum..[11]

I motsetnad til The Record Plant- og Young Vic-innspelingane, gjekk innspelingane med Johns bra, sidan han hovudsakleg prøvde å få så god lyd som mogeleg, medan Lambeert alltid var meir uroa over imaget til gruppa. Townshend sa «me vart forbausa over lydane Glyn skapte».[11] Townshend brukte ein tidleg synthesizer og modifiserte lydar på forskjellige måtar: som ein bordun-effekt på fleire songar, særskild «Baba O'Riley» og «Won't Get Fooled Again»,[12] i tillegg til «Bargain», «Going Mobile» og «The Song Is Over». Synthesizeren var brukt som ein viktig del av lydbiletet i motsetnad til berre å kaste glans over musikken, slik mange andre artistar gjorde på denne tida.[13] Trommespelinga til Moon har ein markant anna stil enn tidlegare album og han var meir formell og mindre avhengig av lange tromme-fills på grunn av synthesizer-akkompagnementet, men òg på grunn av produksjonsteknikken til Johns, som insisterte på gode framføringar der dei berre brukte ornamenteringar der det var trong for det.[14] Johns klarte òg å overtyde The Who om at dei berre burde gje ut eit enkelt album, og meinte at songane var glimrande. Gruppa gav han frie tøyler til å setje saman eit enkeltalbum med dei songane han ønskte i den rekkjefølgja han ønskte.[12] Trass i dei viktige bidraga til Johns, vart han berre oppført som med-produsent på det ferdige albumet,[11] men hevda sjølv han berre fungerte som lydteknikar og baserte dei fleste arrangementa på dei originale demoane til Townshend.[15]

Ein ARP-synthesizer som likna den brukt på Who's Next

Albumet opnar med «Baba O'Riley», med piano og synthesizer-prosessert Lowrey-orgel av Townshend. Tittelen på songen er ei hyllest til guruen til Townshend, Meher Baba, og minimalist-komponisten Terry Riley (og vert uformelt kalla «Teenage Wasteland» frå ei tekstlinje i songen).[16] Orgelsporet kom frå ein lengre demo av Townshend, der delar vart nytta på eit hyllestalbum til Baba kalla I Am,[17] som vart korta ned for den endelege innspelinga. Townshend sa seinare at denne delen hadde «to eller tre tusen redigeringar».[18] Opningsteksten på det neste sporet, «Bargain», «I'd gladly lose me to find you», kom frå eit uttrykk nytta av Baba.[16] Entwistle skreiv «My Wife» etter ein krangel med kona og overdreiv konflikten i teksten. Songen inneheld fleire lag av massingblåseinstrument spelt inn i løpet av ein halvtime.[19] «Pure and Easy», er eit viktig spor frå Lifehouse, som ikkje kom med på det endelege albumet, men opningslinja vart inkludert som eit coda i «The Song is Over».[16]

«Behind Blue Eyes» består av ein tredelt harmonisong av Daltrey, Townshend og Entwistle og vart skriven for hovudantagonisten i Lifehouse, Brick. Moon var ikkje med på den første halvdelen av songen, og Who-biografen Dave Marsh sa seinare at det var «den lengste tida Keith Moon var stille i heile livet sitt.»[17] Avslutningssporet, «Won't Get Fooled Again», var kritisk til revolusjonar. Townshend forklarte: «ein revolusjon er berre ein revolusjon i det lange løpet og mange folk vert såra».[16] Songen består av eit Lowrey-orgel gjennom ein ARP-synthesizer, som kom frå originaldemoen til Townshend og vart nytta om att for det endelege sporet.[9]

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner eit bilete teken ved Easington Colliery av bandet som nettopp har urinert på ein stor betongpåle som stikk opp av ein slagghaug. I følgje fotografen Ethan A. Russell klarte ikkje dei fleste av bandmedlemmene å urinere, så dei måtte tømme regnvatn frå ein boks i stadenfor. I 2003 kåra BBC omslaget på Who's Next som det neste beste plateomslaget gjennom tidene.

Eit alternativt omslag synte trommeslagar Keith Moon kledd i svart dameundertøy med ein pisk i handa og ein brun parykk.[20]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The Who i Charlotte i Nord-Carolina, kort tid etter Who's Next kom ut.

Den første singelen frå albumet, «Won't Get Fooled Again» (korta ned til tre og eit halvt minutt) kom ut 25. juni 1971 i Storbritannia og juli i USA før albumet kom ut. Det nådde høvesvis niande og femtandeplassen på albumlistene.[21] Albumet kom ut 14. august i USA og 27. august i Storbritannia. Det vart det einaste albumet til The Who som toppa albumlista i heimlandet.[1]

The Who byrja å turnere i USA like før albumet kom ut.[22] Gruppa brukte eit Lifehouse-PA, sjølv om lydmannen Bob Pridden meinte at dei tekniske krava til utstyret var for kompliserte.[23] Setlista vart endra og sjølv om det inneheld songar frå Tommy, vart fleire nye songar frå, som «My Wife», «Baba O'Riley» og «Won't Get Fooled Again» konsertfavorittar. På dei to sistnemnde spelte bandet over eit lydopptak av synthesizer-delane.[24] Turneen flytta over til Storbritannia i september, inkludert ein konsert på The Oval i Kennington føre 35 000 menneske, og opningskonserten i Rainbow Theatre i Finsbury Park, før dei drog attende til USA, der turneen enda i Seattle den 15. desember. Gruppa tok så ein åtte månader lang turnépause, den lengste pausen i karrieren deira til då.[25]

Fleire andre songar som vart spelte inn under Who's Next-innspelinga vart seinare gjevne ut på singlar eller samlealbum. «Let's See Action» kom ut på singel i 1971,[26] etterfølgd av «Join Together» i juni 1972 og «Relay» i november. «Pure and Easy», «Put the Money Down» og «Too Much of Anything» kom ut på albumet Odds & Sods,[26] medan «Time is Passing» vart lagt til CD-utgåva frå 1998.[27] Ein versjon av «Baby Don't You Do It» vart spelt inn og den lengste versjonen av denne finst på luksusutgåva av albumet.

Albumet har blitt gjevne ut på ny fleire gonger med ommastringa med lydband frå forskjellige innspelingar. Ein trur masterlydbandet for Olympic-innspelinga er gått tapt, sidan Virgin Records kasta mange av dei gamle innspelingane då dei kjøpte studioet i 1980-åra.[28] Videospelselskapet Harmonix ønskte å gje ut Who's Next som nedlastbar, spelbart innhald for spelet Rock Band, men klarte det ikkje då dei ikkje fann dei originale fleirsporsinnspelingane. I staden sette dei saman ei samling av Who-songar.[29] 16-sporslydbandet til «Won't Get Fooled Again» og 8-sporsbandet til andre songar, utanom «Bargain» og «Getting In Tune» er sidan blitt oppdaga.[28]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[30]
Christgau's Record GuideA[31]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[32]
Mojo4/5 stars[33]
MusicHound Rock5/5[34]
Q4/5 stars[35]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[36]
The Village Voice(A+)[37]

I ei melding for The Village Voice i 1971 kalla musikkritikaren Robert Christgau Who's Next «det beste hardrockalbumet på fleire år» og meinte at dei tidlegare innspelingane deira vart øydelagd av ein tynn lyd, medan gruppa no «oppnådde den same klangfulle nærleiken i studio som dei fekk til på scenen».[37] Billy Walker frå Sounds trekte fram songane «Baba O'Riley», «My Wife» og «The Song Is Over», og skreiv, «Etter den unike og glimrande Tommy måtte dei tenkje ut noko spesielt og at dei slo seg til ro med eit beintfram album i staden for ein lang rockeopera seier mykje om motet og oppfinnsomheita deira.»[38] Magasinet Rolling Stone og John Mendelsohn meinte at trass i at albumet var noko seriøst og kunstaktig, var rocken her «intelligent, fantastisk framført og glimrande produsert, og stundom til og med opphissande».[39] Mot slutten av 1971 vart plata kåra til årets album i den årlege Pazz & Jop-undersøkinga blant amerikanske kritikarar, publisert i The Village Voice.[40]

Sidan den gongen har Who's Next ofte blitt rekna som det beste albumet av The Who.[35] I ei nyare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine at musikken var meir genuin enn Tommy eller det skrinlagde Lifehouse-prosjektet fordi «dei var kunst – [Who's Next] er sjølv med sine pretensjonar rock & roll.»[30] Chris Roberts i BBC Music omtalte det som det beste albumet av bandet og «ei av dei som er hogde ut i stein og som rockekanonen ikkje let deg snakke stygt om.»[41] Mojo hevda at den sofistikerte musikken og hook-prega songane synte nyskapande bruk av rockesyntheiszer som ikkje svekte det karakteristiske «power-kvartett-åtaket» til The Who.[33] I The Encyclopedia of Popular Music (1998) sa Colin Larkin at det heva standarden for både hardrock og The Who, der «kjensla deira for dynamikk» kom tydeleg fram i kontrasten mellom den kraftfulle framføringa og kontrapunkta stundom skapt mellom den akustiske gitaren og synthesizerobligatoar.[32] Christgau var derimot blitt mindre entusiastisk om plata i 1980-åra då The Who vart det han meinte var «eit slags kunstrockband av verste sort», og skrei at Who's Next avslørte seg sjølv som mindre smakfull i ettertid på grunn av den teatralske synginga til Daltrey og «alle dei synth-greiene».[42]

I følgje Acclaimed Music er Who's Next den 32. best rangerte plata blant kritikarane gjennom tidene.[43] I 2003 rangerte Rolling Stone plata på 28. plassen på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[44] Albumet låg på 15. plassen på Pitchfork Media si liste over dei 100 beste platene frå 1970-åra.[45] Albumet er òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (2005).[46] BBC-dokumentarserien Classic Albums hadde ein episode om Who's Next, først på radio i 1989 og så på fjernsyn i 1998,[47] og til slutt på DVD i 2006 som Classic Albums: The Who – Who's Next.[48] Same året vart albumet vald ut av Time som ei av dei 100 beste platene gjennom tidene.[49] I 2007 vart det innlemma i Grammy Hall of Fame.[50]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, utanom «My Wife» av John Entwistle.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Baba O'Riley»Roger Daltrey (vers), Townshend (mellomspel)5:08
2.«Bargain»Daltrey (vers), Townshend (mellomspel)5:34
3.«Love Ain't for Keeping»Daltrey2:10
4.«My Wife»Entwistle3:41
5.«The Song Is Over»Townshend (vers), Daltrey (refreng)6:14
Total lengd:22:47
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Getting in Tune»Daltrey4:50
2.«Going Mobile»Townshend3:42
3.«Behind Blue Eyes»Daltrey3:42
4.«Won't Get Fooled Again»Daltrey8:32
Total lengd:20:46

Merk:

  • Sides ein og to er kombinerte som spor 1-9 på CD-utgåver
Bonusspor på CD-utgåva frå 1995
Nr.TittelLengd
10.«Pure and Easy» (originalversjonen)4:22
11.«Baby Don't You Do It» (Holland-Dozier-Holland)5:15
12.«Naked Eye» (Live at the Young Vic 26/4/71)5:31
13.«Water» (Live at the Young Vic 26/4/71)6:26
14.«Too Much of Anything» (originalversjon)4:25
15.«I Don't Even Know Myself»4:56
16.«Behind Blue Eyes» (originalversjon)3:25
Total lengd:34:47

Merk:

  • Spor 10, 11, 13, 14 & 16 var ikkje gjevne ut før.

Luksusutgåva frå 2003[endre | endre wikiteksten]

Den første plata av luksusutgåva inneheld dei ni spora frå originalalbumet med den originale miksen, etterfølgd av seks unytta opptak, der «Getting in Tune» og «Won't Get Fooled Again» ikkje var gjevne ut før. Kvar av dei seks opptaka vart spelte inn på Record Plant i mars 1971 før arbeidet vart starta opp att i Storbritannia.[51]

Spora på den andre plata vart eit konsertopptak frå 26. april 1971 på Young Vic Theatre i London. Ingen av desse var gjevne ut før utanom «Water» og «Naked Eye».[52]

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Baba O'Riley»5:01
2.«Bargain»5:33
3.«Love Ain't for Keeping»2:10
4.«My Wife»3:35
5.«The Song Is Over»6:17
6.«Getting in Tune»4:49
7.«Going Mobile»3:43
8.«Behind Blue Eyes»3:42
9.«Won't Get Fooled Again»8:35
10.«Baby Don't You Do It» (lengre versjon)8:21
11.«Getting in Tune» (alternativ versjon)6:36
12.«Pure and Easy» (alternativ versjon)4:33
13.«Love Ain't for Keeping» (elektrisk versjon, solovokal av Townshend)4:06
14.«Behind Blue Eyes» (alternativ versjon)3:30
15.«Won't Get Fooled Again» (original New York-versjon)8:48
Total lengd:79:19
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Love Ain't for Keeping»2:57
2.«Pure and Easy»6:00
3.«Young Man Blues» (Mose Allison)4:47
4.«Time Is Passing»3:59
5.«Behind Blue Eyes»4:49
6.«I Don't Even Know Myself»5:42
7.«Too Much of Anything»4:20
8.«Getting in Tune»6:42
9.«Bargain»5:46
10.«Water»8:19
11.«My Generation»2:58
12.«Road Runner» (Ellas McDaniel)3:14
13.«Naked Eye»6:21
14.«Won't Get Fooled Again»8:50
Total lengd:74:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who
Andre musikarar

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–2013) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[53] 5
Den danske albumlista (Hitlisten)[54] 3
Nederlandske album (MegaCharts)[55] 2
Den franske albumlista (SNEP)[56] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[57] 18
Italienske album (FIMI)[57] 100
Norske album (VG-lista)[58] 6
Britiske album (OCC)[59] 1
US Billboard 200[60] 4
Liste (2014) Plassering
US Billboard Top Pop Catalog[61] 7

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[62] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[63] Platina 300 000^
USA (RIAA)[64] 3× Platina 3 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Neill & Kent 2002, s. 288.
  2. Neill & Kent 2002, s. 282–284.
  3. 3,0 3,1 Neill & Kent 2002, s. 280.
  4. «Discography – Won't Get Fooled Again». The Who (official website). Henta 26. september 2019. 
  5. «Baba O'Riley». ung Medien / hitparade.ch. Henta 22. september 2019. 
  6. «Discography – Behind Blue Eyes». The Who (official website). Henta 26. september 2019. 
  7. Atkins, John (1995) [1971]. «Who's Next and The Lifehouse Project». Who's Next (CD liner). The Who. MCA Records. s. 13, 24. MCAD-11269. 
  8. Pete's Equipment, Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1
  9. 9,0 9,1 Marsh 1983, s. 381.
  10. Neill & Kent 2002, s. 281.
  11. 11,0 11,1 11,2 Neill & Kent 2002, s. 282.
  12. 12,0 12,1 Marsh 1983, s. 382.
  13. Atkins 2003, s. 18.
  14. Fletcher 1998, s. 286.
  15. Unterberger 2011, s. 105.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Neill & Kent 2002, s. 275.
  17. 17,0 17,1 Marsh 1983, s. 386.
  18. Unterberger 2011, s. 108.
  19. Unterberger 2011, s. 113.
  20. Plateomslaget til Who's Next frå 1995
  21. Neill & Kent 2002, s. 284.
  22. Marsh 1983, s. 389.
  23. Marsh 1983, s. 390.
  24. Marsh 1983, s. 392.
  25. Marsh 1983, s. 393.
  26. 26,0 26,1 Marsh 1983, s. 383.
  27. «Odds & Sods». AllMusic. Henta 23. november 2014. 
  28. 28,0 28,1 Unterberger 2011, s. 107.
  29. Cavalli, Earnest (1. juli 2008). «Who's Next Replaced by Compilation for Rock Band». Wired News. Henta 26. september 2019. 
  30. 30,0 30,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Allmusic review». AllMusic. Henta 26. september 2019. 
  31. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 26. september 2019 – via robertchristgau.com. 
  32. 32,0 32,1 Larkin, Colin (1998). The Encyclopedia of Popular Music 7 (3rd utg.). Muze UK. s. 5812. ISBN 1561592374. 
  33. 33,0 33,1 «none». Mojo (London): 110. May 2003. «WHO'S NEXT is The Who's most polished album, its hook-ridden songs pioneering the use of rock synthesizer without diluting the power-quartet attack that had defined the group since the mid-60s...» 
  34. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  35. 35,0 35,1 «none». Q (London): 158. January 1996. «Considered by many to be the band's best, 1971's WHO'S NEXT was their only Number 1 album...» 
  36. «The Who: Album Guide | Rolling Stone Music». Rollingstone.com/Wayback Machine. 14. februar 1970. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 26. september 2019. 
  37. 37,0 37,1 Christgau, Robert (19. august 1971). «Consumer Guide (19)». The Village Voice (New York). Henta 26. september 2019. 
  38. Walker, Billy (28. august 1971). «Album Reviews». Sounds (Spotlight Publications). s. 18. 
  39. Mendelsohn, John Ned (1. september 1971). «The Who Who's Next > Album Review». Rolling Stone (90). Arkivert frå originalen den 15. september 2005. Henta 26. september 2019. 
  40. «Robert Christgau: Pazz & Jop 1971: Critics Poll». Robertchristgau.com. Henta 27. september 2019. 
  41. «Music – Review of The Who – Who's Next». BBC. 25. august 1971. Henta 27. september 2019. 
  42. «Robert Christgau: Online Exchange, part 2». RockCritics.com. Arkivert frå originalen 1. april 2012. Henta 27. september 2019. 
  43. «The Who». Acclaimed Music. Henta 27. september 2019. 
  44. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «28 | The Who, 'Who's Next'». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen den 17. november 2006. Henta 27. september 2019. 
  45. «Top 100 Albums of the 1970s». Pitchfork Media. 23. juni 2004. Arkivert frå originalen 5. mai 2007. Henta 26. september 2019. 
  46. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Albums». Rocklistmusic.co.uk. Henta 27. september 2019. 
  47. Inglis, Ian, red. (2013). Popular Music And Television In Britain. Ashgate. s. 43–44. ISBN 978-1-409-49417-1. 
  48. «Classic Albums : Who's Next». Amazon. Henta 26. september 2019. 
  49. Light, Alan (27. januar 2010). «Kind of Blue | All-TIME 100 Albums». TIME.com. Arkivert frå originalen 9. november 2007. Henta 27. september 2019. 
  50. «Music From Led Zeppelin Elected To Grammy Hall Of Fame». blabbermouth.net. 11. januar 2007. Henta 26. september 2019. 
  51. Atkins 2003, s. 24.
  52. Atkins 2003, s. 25.
  53. "Top RPM Albums: Nummer 7579". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. juli 2017.
  54. «LP Top 10, 8. november 1971». Henta 27. september 2019. 
  55. "The Who – Who's Next". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 27. september 2019.
  56. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Infodisc.fr. Henta 27. mars 2011. 
  57. 57,0 57,1 "The Who – Who's Next". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 27. september 2019.
  58. "The Who – Who's Next". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 27. september 2019.
  59. "The Who | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 27. september 2019.
  60. "The Who Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Who. Prometheus Global Media. Henta 27. september 2019.
  61. «The Who – Billboard Albums». Allmusic. Henta 8. april 2014. 
  62. «Italian album salstrofé – Who – Who's Next» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Who in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  63. «British album salstrofé – The Who – Who's Next». British Phonographic Industry.  Enter Who's Next in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  64. «American album salstrofé – The Who – Who's Next». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]