Who's Next

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Who's Next
Studioalbum av The Who
Utgjeve 31. juli 1971
Innspelt Mars til mai 1971, Olympic Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 43:38
Selskap Decca/MCA
Produsent The Who, Glyn Johns
Kritikk
The Who-kronologi
Tommy
(1969)
Who's Next Quadrophenia
(1973)

Who's Next er det femte albumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 31. juli 1971Decca og MCA i USA og 25. august 1971 i Storbritannia på Track og Polydor. Albumet har opphavet sitt i ein rockeopera av Pete Townshend kalla Lifehouse. Det ambisiøse og kompliserte prosjektet vart aldri realisert og i staden vart mange av songane for prosjektet omskrive og gjeve ut som Who's Next. Who's Next var eit kritikarrost album og ein stor kommersiell suksess.

Lifehouse[endre | endre wikiteksten]

Albumet har røtene sine i Lifehouse-prosjektet, som Pete Townshend fleire gonger har skildra som ein futuristisk rockeopera, eit konseptalbum innspelt under ein konsert som skulle brukast til eit filmprosjekt. Prosjektet viste seg å verte vanskeleg å handsame på fleire nivå og førte både til indre gnisningar i bandet og til at Townshend og produsenten til The Who, Kit Lambert vart uvener. Fleire år seinare skreiv Townshend i omslaget til CD-utgåva av albumet at prosjektet nesten førte han ut i eit sjølvmordarisk nervøst samanbrot.

Etter å ha gjeve opp innspelinga av nokre av songane til Lifehouse i New York, gjekk The Who tilbake til studio i lag med den nye produsenten Glyn Johns og starta på nytt. Sjølv om Lifehouse-konseptet vart forlate, finst restane av prosjektet i albumet. Den første tekstlinja i songen «Pure and Easy», som Townshend skildra som midtpunktet i Lifehouse, kjem til syne i slutten på songen «The Song Is Over». Eit tidleg konsept for Lifehouse var mellom anna å føre persondata frå medlemmer i publikum inn i ein boks knytt til ein tidleg analog synthesizer for å skape eit musikalsk spor. Det vert ofte trekt fram at det var ved å setje inn persondataa til Meher Baba at ein fekk bakgrunnssporet til «Baba O'Riley», men i røynda var det Townshend som spelte eit Lowrey-orgel.[1] Då bandet gav seg med det opphavlege prosjektet fekk dei derimot ein ny fridom til å få det maksimale ut av kvart enkelt spor, utan tanke på det overliggande musikalske temaet eller historia i Lifehouse-soga.

Sjølv om han gav opp dei opphavlege planane for Lifehouse-prosjektet, heldt Townshend fram med å utvikle konseptet, og kom tilbake til dei på seinare album. I 2006 opna han nettsida The Lifehouse Method der ein kunne leggje inn persondata og lage eigne musikalske portrett.

Arrangement og songar[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart med det same det kom ut merka for den dynamiske og unike lyden. Albumet kom tilfeldigvis på ei tid då det hadde vorte gjort store framsteg innan lydteknikk og kort tid etter at synthesizerar hadde vorte tilgjengelege for bruk. Resultatet vart ein lyd som var fullstendig makelaus og heller eineståande då albumet kom ut. Sjølv om lyden er rik og høg gjennom det meste av albumet, finst det òg kontrastar med fingerspelt akustisk gitar og den kraftige røysta til Roger Daltrey vert innimellom byta ut med rolegare vokal.

Townshend nytta dei tidlege synthesizerane og modifiserte meir tradisjonelle tangeninstrument, mellom anna ved å skape ein bordun-effekt på fleire songar, som «Baba O'Riley» og «Won't Get Fooled Again», og ved å skape støy, som plystringa på «The Song Is Over». Townshend nytta òg ein modulator for å endre spekteret på gitaren sin på «Going Mobile», noko som gav ein særeigen skrikande lyd som endar i boblande lydar mot slutten av songen.

Albumet opna med den nyskapande «Baba O'Riley», med piano av Townshend og ein fiolinsolo av Dave Arbus. Tittelen på songen er ein hyllest Meher Baba, guruen til Townshend, og den viktige minimalistkomponisten Terry Riley. Songen vert stundom uformelt kalla «Teenage Wasteland», som er ei tekstlinje i songen. Andre kjende songar på albumet er balladen «Behind Blue Eyes» og avslutningssongen på albumet, den episke «Won't Get Fooled Again». Andre songar som «Bargain» og «Going Mobile» har òg vore populære hos tilhengjarane.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner eit bilete teken ved Easington Colliery av bandet som nettopp har urinert på ein stor betongpåle som stikk opp av ein slagghaug. I følgje fotografen Ethan A. Russell klarte ikkje dei fleste av bandmedlemmene å urinere, så dei måtte tømme regnvatn frå ein boks i stadenfor. I 2003 kåra TV-kanalen omslaget på Who's Next som det neste beste plateomslaget gjennom tidene.

Eit alternativt omslag synte trommeslagar Keith Moon kledd i svart dameundertøy med ein pisk i handa og ein brun parykk.[2]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

  • 1970/71 – Demoinnspeling i heimestudioet til Pete Townshend og John Entwistle som gav spoler med songar.
  • Januar-mars 1971 – Konsertinnspelinga med Young Vic (mobilt studio).
  • Mars 1971 – Innspelingar i New York, Lifehouse-songar spelt inn med Kit Lambert og Jack Adams bak spakane. Denne innspelinga vart forkasta i lag med Lifehouse-konseptet.
  • 26 April 1971 – Siste Lifehouse-konsert som vart innspelt og seinare (delvis) gjeven ut som plate to av Deluxe-utgåva av Who's Next
  • Mai 1971 – Innspeling i Stargroves Studio London. Desse vart seinare forkasta.
  • Mai-juni 1971 – Olympic Studios i Barnes produsert av The Who i lag med Glyn Johns. Desse innspelingane vart nytta i den endelege utgåva.

Albumet er i dag gjeven ut i mange land og mastra om att fleire gonger. Mastertapane frå innspelingane i Olympic trur ein er tapte eller øydelagde. Videospelutgjevaren Harmonix tidlegare annonserte at Who's Next skulle kome som eit nedlastbart innhald til serien Rock Band, men dette vart aldri noko av fordi ein ikkje fann mastertapane til albumet.[3]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Who's Next har vorte kalla eit av dei beste albuma gjennom tidene av VH1 (#13) og Rolling Stone (#28). Då det kom ut vart det kåra til det beste albumet dette året etter ei kritikarrundspørring i The Village Voice.[4] Det vart òg rangert på 3. plass i Guitar World på lista over dei største klassiske rockealbuma gjennom tidene. Mange av dei ni spora på originalalbumet er i dag favorittar på radiostasjonar som spelar klassisk rock, særleg «Baba O'Riley», «Bargain», «Behind Blue Eyes» og «Won't Get Fooled Again». Albumet hamna på 15. plass på lista til Pitchfork over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[5] Albumet er òg nemnd i boka 1001 albums You Must Hear Before You Die.[6] I 2006 vart albumet vald ut av Time Magazine som eit av dei 100 beste albuma gjennom tidene.[7] I 2007 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Baba O'Riley»   5:11
2. «Bargain»   5:33
3. «Love Ain't for Keeping»   2:12
4. «My Wife» (Entwistle) 3:41
5. «The Song Is Over»   6:16
Side to
# Tittel Lengd
6. «Getting in Tune»   4:50
7. «Going Mobile»   3:42
8. «Behind Blue Eyes»   3:42
9. «Won't Get Fooled Again»   8:32
Bonusspor på 1995-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Pure and Easy»   4:22
11. «Baby Don't You Do It» (Holland-Dozier-Holland) 5:14
12. «Naked Eye»   5:31
13. «Water»   6:25
14. «Too Much of Anything»   4:25
15. «I Don't Even Know Myself»   4:56
16. «Behind Blue Eyes» (Alternate version) 3:28

«Baby Don't You Do It» og «Water» var fram til 1995 ikkje gjevne ut før. Ei konsertutgåve av «Water» vart spelt inn i 1970, men ikkje gjeve ut på Live at the Isle of Wight Festival 1970 før 1996.

Deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate ein

Den første plata av Deluxe-utgåva inneheld dei ni spora frå det originale albumet, med seks alternative studioinnspelingar, der «Getting in Tune» og «Won't Get Fooled Again» tidlegare ikkje hadde vore gjevne ut. Kvar av dei seks opptaka vart spelt inn i Record Plant i New York i mars 1971. Bandet forkasta dette materialet og spelte inn fem av dei seks songane i England seinare same året.

# Tittel Lengd
1. «Baba O'Riley»   5:11
2. «Bargain»   5:33
3. «Love Ain't for Keeping»   2:12
4. «My Wife» (Entwistle) 3:41
5. «The Song Is Over»   6:16
6. «Getting in Tune»   4:50
7. «Going Mobile»   3:42
8. «Behind Blue Eyes»   3:42
9. «Won't Get Fooled Again»   8:32
10. «Baby Don't You Do It» (Holland-Dozier-Holland - same som på 1995-utgåva, men ein lengre versjon) 8:21
11. «Getting in Tune»   6:36
12. «Pure and Easy» (same som 1995-utgåva, men ein alternativ miks) 4:33
13. «Love Ain't for Keeping» (Elektrisk utgåve som tidlegare vart fanst på 1998-utgåva av Odds & Sods.) 4:06
14. «Behind Blue Eyes» (Alternate version) 3:30
15. «Won't Get Fooled Again» (Original New York-innspeling) 8:48
Plate to

Innhaldet på plate to var ei konsertinnspeling i Young Vic Theatre i London, den 26. april 1971. Alle spora var tidlegare ikkje gjevne ut bortsett frå «Water» og «Naked Eye». Songar som vart spelte men som ikkje er med her er «Pinball Wizard», «Bony Moronie», «See Me Feel Me/Listening to You» og «Baby Don't You Do It».

# Tittel Lengd
1. «Love Ain't For Keeping»   2:57
2. «Pure and Easy»   6:00
3. «Young Man Blues»   4:47
4. «Time Is Passing»   3:59
5. «Behind Blue Eyes»   4:49
6. «I Don't Even Know Myself»   5:42
7. «Too Much of Anything»   4:20
8. «Getting in Tune»   6:42
9. «Bargain»   5:46
10. «Water»   8:19
11. «My Generation»   2:58
12. «Road Runner» (Bo Diddley) 3:14
13. «Naked Eye»   6:21
14. «Won't Get Fooled Again»   8:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who
Andre musikarar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]