Whole Lotta Shakin' Goin' On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whole Lotta Shakin' Goin' On
Singel av Jerry Lee Lewis
B-side

«It'll Be Me»‎

Språk engelsk
Utgjeve 1957
Innspelt 27. mai 1957
Sjanger populærmusikk
Lengd 2:35
Selskap Sun #267
Komponist Dave Williams
Tekstforfattar Dave Williams
Låtskrivar(ar) Dave Williams og James Faye Hall
Produsent Shelby Singleton

«Whole Lotta Shakin' Goin On» er ein song som er mest kjend i rock and roll-utgåva til Jerry Lee Lewis frå 1957.

Opphavet til songen er omstridd, men vert kreditert til indianaren Dave «Curlee» Williams og pianisten, bandleiaren og låtskrivaren James Faye «Roy» Hall[1] Hall gjorde den første innspelinga av songen i september 1954 for Decca Records og hevda at han hadde skrive songen med psevdonymet Sunny David. På eit prøveeksemplar av innspelinga til Hall[2] står derimot Dave Williams som einaste låtskrivar.

Hall si utgåve vart raskt etter spelt inn av Big Maybelle, produsert av ein ung Quincy Jones. Ingen av desse utgåvene fekk kommersiell suksess.

Jerry Lee Lewis spelte inn songen for Sun Records den 27. mai 1957.[3] Lewis gjorde ei radikal annleis utgåve av songen med drivande boogie-woogie-piano og energisk tromming. Songen gjekk til 3. plass på den amerikanske poplista og førsteplass på R&B-lista

Jerry Lee Lewis si utgåve av songen er plassert på 61. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte ein rock n' roll-standard og er spelt inn av mange artistar, som Little Richard, Rick Nelson, Chubby Checker, Duffy Power, Conway Twitty, Gerry & the Pacemakers, Wanda Jackson, Elvis Presley, The Hurricanes, Mae West, Mott the Hoople, Big Star, Uriah Heep, Bill Haley & His Comets, Georgia Satellites, Ten Years After (I'm Goin' Home-medley) og The Flying Lizards.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]