Wicca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wicca er ein nyheidensk religion basert på naturdyrking, rituell magi og gamle britiske tradisjonar. Wicca-tilhengjarar identifiserer seg gjerne med hekser (eng. witch) og trur ofte på éi gudinne (tradisjonelt Trippelgudinna) og ein gud (tradisjonelt Guden med horn).

Det finst mange former for wicca. Omgrepet kan dekka alle slag moderne religionar som byggjer på europeisk heksekunst, på religionane utforma av britane Gerald Gardner eller Alex og Maxine Sanders på 1960-talet, eller på fleire gudinne-retta nye religionar utvikla i USA på 1960- og 1970-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]