Widemouth Bay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Widemouth Bay er ei bukt og ei strand på Atlanterhavskysten av Cornwall i England i Storbritannia, om lag 5 km sør for Bude. Denne kyststrekninga vart mykje nytta av smuglarar i tidlegare tider og like sør for Widemouth Bay finst mange små viker og bukter.[1]
Innhaldsliste |
Aktivitetar [endre]
Stranda vert mykje nytta til surfing og symjing, og her er badevakter om sommaren. Fleire surfeskular held til ved stranda.[2] Her finst òg fleire kafear, pubar og butikkar.
Transatlantiske kablar [endre]
Åsane heller slakt ned mot bukta og fleire undersjøiske kablar over Atlanteren går i land akkurat her. Fleire av desse er viktige koplingar mellom Storbritannia og USA.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Widemouth Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: