Widerøes Flyveselskap ASA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Widerøes Flyveselskap)
Eit Dash 8-100 frå Widerøe i Mosjøen.
Eit av dei nye Widerøe-flya Embraer E190-E2

Widerøes Flyveselskap ASA er eit flyselskap eigd av SAS-gruppa. Selskapet flyg anbodsflygingar på dei norske kortbaneflyplassane, i tillegg til at det flyg ein del kommersielle ruter innanlands (hovudbase på Torp) og til somme flyplassar i utlandet. Selskapet har ein flåte med 30 Dash 8 turbopropfly med 39-78 seter. Widerøe hadde 1317 tilsette (årsverk) i 2004, og har hovudkontor i Bodø

Historie[endre | endre wikiteksten]

Widerøe vart starta av fem flyentusiastar i 1934, ein av dei var Viggo Widerøe. Den gongen heldt dei til på Ingierstrand utanfor Oslo. Dei aller første åra var verksemda knytt til taxi,- ambulanse-, skule- og fotoflyging. Det første flyet til Widerøe var eit Waco sjøfly. Flyet vart levert grønlakkert frå fabrikken, og den fargen har sidan vore hovudfargen til selskapet.

I 1954 fekk selskapet ei kontrakt om å utføre ruteflygingar med sjøfly for SAS i Nord-Noreg. Dei flygingane vart utført med einmotors DHC-3 Otter-fly. Sommaren 1968 var selskapet med på å starte flygingar på det nye kortbanenettet som vart først etablert på Helgeland, seinare også i Lofoten, i Finnmark og på Vestlandet. Til dei flygingane vart flytypen Twin Otter nytta, etterkvart også Dash 7. I løpet av 1900-talet vart dei to flytypane skifta ut med Dash 8.

Selskapet kjøpte på slutten av 1980-talet opp flyselskapet Norsk Air som hadde basen sin på Torp utanfor Sandefjord. Dette var starten på dei kommersielle flygingane til Widerøe.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Widerøe, Wiggo:Pionertid, Oslo 1946
  • Arnesen, Odd:På grønne vinger over Norge, Oslo 1984

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wideroe.no