Wien-konvensjonen om vern av ozonlaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wien-konvensjonen, offisielt Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer, er ein internasjonal miljøkonvensjon til vern av ozonlaget, inngått i 1985 og tredde i kraft i 1988. Han er ratifisert av 197 land og av EU.[1] Konvensjonen var ein forløpar for den meir forpliktande Montreal-protokollen i 1987.[2]

Wien-konvensjonen er ein av dei mest vellukka internasjonale avtalane om ein tel talet på land som har ratifisert han. I 2009 fekk han historisk status då han blei den første konvensjonen av noko slag som blei ratifisert av alle medlemslanda i SN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Vienna Convention for the Protection of the Ozone Layer». United Nations Treaty Series. Arkivert frå originalen 10. september 2011. Henta 17. januar 2012. 
  2. 2,0 2,1 Olerud, Kåre (4. oktober 2016). «Wien-konvensjonen». Store norske leksikon. Henta 13. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]