Wiesbaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wiesbaden
Wiesbaden Montage.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wiesbaden
Wiesbaden is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstadt
Kreisfri by
Grunnlagd År 6
Geografi
Flatevidd
 - By

203,9 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik

278 919
  1 368/km²
Koordinatar 50°5′0″N 8°15′0″EKoordinatar: 50°5′0″N 8°15′0″E
Høgd over havet 115 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 65001 - 65207, 55240 - 55252
Telefon-retningsnummer 0611, 06122, 06127, 06134
Bilnummer WI
Heimeside: www.wiesbaden.de
Wiesbaden mellom 1890 og 1905

Wiesbaden er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Hessen. Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Dei største nabobyane er Mainz, Darmstadt og Frankfurt am Main. Wiesbaden har om lag 285 000 innbyggjarar.

I byrjinga av 1905 passerte folketalet 100 000 innbyggjarar og han fekk dermed status som storby.

Wiesbaden ligg 40 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Byen er delt inn i 20 bydelar: Biebrich, Schierstein, Sonnenberg, Bierstadt, Dotzheim, Erbenheim, Frauenstein, Heßloch, Igstadt, Mainz-Kastel, Mainz-Amöneburg, Mainz-Kostheim, Auringen, Breckenheim, Delkenheim, Medenbach, Naurod, Nordenstadt, Kloppenheim og Rambach.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter busetnadar i Wiesbaden tilbake til steinalderen.

Heidenmauer (Hedningmuren) er dei siste restane etter den romerske festninga Aquae Mattiacorum.

Historiske dokument viser at det har budd folk her sidan romarane reiste ei festning her i år 6. Varmekjeldene i Wiesbaden vart først nemnd av Plinius den eldre i hans Naturalis Historia. Den romerske busetnaden vart først nemnd med namnet Aquae Mattiacorum (latinsk for «Vatnet frå Mattiaci») i 121. Dette namnet viser til stamma Chatti frå Mattiaci (tysk: Mattiaker), som levde i området på den tida. Byen oppstår òg som Mattiacum i Klaudios Ptolemaios sitt verk (2.10).

Alemannarar erobra fortet om lag 260. Seinare på 370-talet, då romarane og alemannarane var allierte, fekk alemannarane kontroll over Wiesbaden-området og hadde ansvar for å forsvare det mot andre germanske stammer.

500-talet dreiv frankarane bort alemannarane. På 700-talet bygde frankarane ein kongeleg gardsplass («Königshof», «curtis regia»). Ein gong mellom 828 og 830 nemner Einhard «Wisabada». Dette er første gong namnet Wiesbaden er dokumentert.

I 1170-åra fekk hertugen av Nassau området rundt Wiesbaden som eit len . Dei styrte dette til 1242erkebiskopen av Mainz erobra Wiesbaden og brende han til grunne. Wiesbaden gjekk tilbake til huset Nassau i 1270. I 1329 fekk huset Nassau og Wiesbaden rettane til å prege myntar av Ludvig IV av Det tysk-romerske riket.

På grunn av deltakinga i opprøret som førte til den tyske bondekrigen, mista Wiesbaden alle rettane sine i 1525 i over førti år. I denne perioden bygde Wiesbaden ein ny vingard i 1526, og vart protestantisk med Wolf Denthener som den første lutherske pastoren 1. januar 1543. Same dag vart den første latinske skulen opna, som klargjorde elevane for gymnaset i Idstein. I 1566 fekk byen privilegia sine attende.

Den eldste bygningen som framleis står er det gamle rådhuset, som vart bygd i 1609-1610. Ingen eldre bygningar finst på grunn av to bybrannar i 1547 og 1561.

Minnesmerke for dei tyske soldatande frå Hessen-Nassau som fall i slaget ved Waterloo

I 1815 vart hovudstaden i Nassau flytta til Wiesbaden, og han vart residens for hertugen. Ein starta då ein byggeprossess som skulle gje byen eit strålande utsjånad. Det meste av det historiske sentrumet i Wiesbaden kjem frå denne tida. Under den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 valde Nassau å ta austerrikarane si side. Dette førte til slutten på hertugdømet. Etter at Austerrike tapte vart Nassau annektert av Preussen og vart ein del av den prøyssiske provinsen Hessen-Nassau.

Gågate i Wiesbaden

Etter den andre verdskrigen vart delstaten Hessem oppretta, og Wiesbaden vart hovudstaden, sjølv om den nærliggande byen Frankfurt er mykje større med mange fleire offentlege kontor.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wiesbaden