Wigwam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For musikkgruppa som vann norsk Melodi Grand Prix, sjå Wig Wam.
Apache-wickiup, av Edward S. Curtis, 1903

Wigwam er ein bustad for fleire algonkinsnakkande indianarstammer. Ordet vart teke av dei engelske kolonistane frå abenakispråket, og kom på trykk for første gong i 1634. Opphavleg viste wigwam til dei kuppelforma og ovale hyttene av forskjellig storleik som vart nytta i den nordlege delen av det austlege skogområdet, hovudsakleg i statane i New England og kring Dei store sjøane. Desse var som regel tekka med sederbark eller bjørkenever over eit rammeverk av samanbundne og avbøygde greiner. Den koniske varianten i det subarktiske området vart òg av og til kalla wigwam i staden for tipi.

Dei vestlege apachane brukte ei liknande kuppelforma hytte, dekt av greiner og strå, som vart kalla wikiup. Wichitaeneprærien budde òg i runde stråhus store delar av året og reisande byrja tidleg å nytte wigwam som fellesomgrep for dei fleste typar indianske bustader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«wigwam» i Store norske leksikon, snl.no.