Wii
Wii (ウィー, uttala som det engelske ordet 'we'(vi)) er ein stasjonær spelkonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. Han er den femte i rekkja av stasjonære spelkonsollar frå Nintendo, og er arvtakaren til Nintendo Gamecube. Wii høyrer til same generasjon spelkonsollar som PlayStation 3 frå Sony og Xbox 360 frå Microsoft, men prøver, i følgje Nintendo, å nå ut til ei større folkegruppe enn dei to konkurentane. Desse konsolane, saman med nokre handhaldne spelkonsollar, er alle sjuande generasjons spelekonsollar.
Innhaldsliste |
[endre] Bakoverkompabilitet
Wii er bakoverkompatibel med alle offisielle Nintendo GameCube-spel, Nintendo GameCube-minnekort og handkontrollar. Når Wii køyrer GameCube-spel er han begrensa til funsksjonaliteten til ein GameCube-maskin.
[endre] Fjernkomtrollen
Wii Remote (Wii fjernkontroll) er hovudkontrollen til konsollen. Han nyttar ein kombinasjon av akselerometer og infraraud sporing for å oppfatte posisjon sin i 3D rom når han blir heldt mot lysdiodane på sensorelementet. Spelarane kan soleis, i tillegg til å trykkje på knappar, i nokon grad kontrollere spela ved å nytte fysiske rørsler. Kontrollen er kopla til konsollen over blåtann, og han inneheld ein ristefunksjon og ein innebygd høgtalar.
[endre] Ekstrautstyr
Wii Remote har ein port på undersida der ein kan kopla til ymse tilbehøyr. Nunchuk (av nunchaku) er eit tilbehøyr som koblast til Wii Remote med ein kabel, og inneheld eit akselerometer i tillegg til ei analog stikke og to knappar. Ei handleddsreim, som kan festast på botn av kontrollen, fylgjer med alle eksemplar av Wii Remote. Ho kan nyttast for å unngå at spelaren ved eit uhell mistar eller kastar kontrollen. Etter ulykker der reima har roke, har Nintendo tilbydd ei gratis, tjukkare reim som erstatning for alle dei fyrste variantane av reima. Nintendo har også frå 1. oktober 2007 tilbydd ein gratis kleding for Wii Remote, Wii Remote Jacket, for betre feste i handa.
[endre] Tekniske spesifikasjonar
|
Prosessorar:
Minne: Portar og tilbehøyr |
Lagring
Bilete Lyd
|
† Ingen av klokkefrekvensane har blitt prova av Nintendo, IBM eller ATI.
| Spelkonsollar frå Nintendo | ||
|---|---|---|
| Stasjonære | NES · SNES · Nintendo 64 · Nintendo GameCube · Wii · Wii U | |
| Handhaldne | Game & Watch · Game Boy · Game Boy Color · Game Boy Advance (SP · Micro) · Nintendo DS (Lite · DSi · DSi XL) · Nintendo 3DS | |