Wii Fit
| Wii Fit | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Sjanger | Treningsspel |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | 25. april 2008 |
| Medium | DVD |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ |
Wii Fit (Wiiフィット Wī Fitto) er eit treningsspel for Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut i Japan i desember 2007, i Europa i april 2008, og i Australia og Nord-Amerika månaden etter. Spelet blir rekna som ein del av Wii-serien, og er eit Touch! Generations-spel. Til kvart eksemplar av spelet følgjer det med eit Wii Balance Board.
Wii Fit Plus [endre]
Wii Fit Plus (Wiiフィットプラス) er ein oppfylgjar til Wii Fit, som også er utvikla av Nintendo. Spelet byggjer på det originale Wii Fit med 15 nye balanse-spel, og seks nye yoga- og styrkeøvingar. Nye funksjonar er mellom anna ein kalorimålar, system for å sette opp eigne treningsprogram, moglegheit for å sette tidsgrense for øvingane og val for å laga profilar for kjæledyr. Spelarar skal også kunne navigera raskare mellom øvingar, for betre flyt i treninga.
Wii Fit Plus er selt både i ein pakke med Wii Balance Board, og separat for dei som har Wii Balance Board frå før.[1]