Wii Sports Resort
| Wii Sports Resort | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | Wii-serien |
| Sjanger | Sportspel |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar |
| Plattform(er) | Wii |
| Utgjeving | JP 25. juni 2009[1] AUS 23. juli 2009[2] EU 24. juli 2009[3] NA 26. juli 2009[4] |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
| Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk, Wii MotionPlus |
| Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E USK: 6 |
Wii Sports Resort (Wii スポーツ リゾート) er eit sportspel utvikla og produsert av Nintendo som ein oppfølgjar til Wii Sports. Det vart gjeve ut i Japan i juni 2009, og i Australia, Europa og Nord-Amerika i juli 2009. Spelet blir rekna som ein del av Wii-serien, og er eit Touch! Generations-spel. Det krev Wii MotionPlus for å kunne bli spelt. Til kvart eksemplar av spelet følgjer det med ei Wii Motion Plus-eining og ein utvida Wii Remote Jacket, som båe også blir selde separat.
Oppsett [endre]
Wii Sports Resort finn stad på ei tropisk øy; Wuhu, som også er representert i Wii Fit, der tolv ymse sportar er tilgjengelege for ein å spela. I likskap med føregangaren er alle sportane spelte ved å bruka Wii-fjernkontrollen, og eventuelt nunchuken, til å etterlikna rørsler som blir gjorde i ekte sport. I sporten der ein skal skyta med pil og boge må ein til dømes halda Wii-fjernkontrollen loddrett for å halda bogen og sikte, medan Nunchucken kan bli trekt bakover for å trekkja bogestrengen i den retninga. Nyheita i Wii Sports Resort er støtte for Wii MotionPlus. Dette gjev såkalla 1:1-kontroll, som lèt ein kontrollera spela med meir presisjon enn tidlegare.[5]
Wii MotionPlus trengst for alle Wii-fjernkontrollane som blir nytta til å spela Wii Sports Resort. Dei fleste sportane i spelet som støttar 3 eller 4 spelarar lèt ein enkelt Wii-fjernkontroll bli delt mellom spelarane etter tur. Unntaket er kanopadling, der alle fire spelarane trengjer kvar sin kontrollar for å spela.
Kjelder [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Wii Sports Resort på Nintendo.no