Wijdefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser Widjefjorden nasjonalpark

Wijdefjorden (uttalast veidefjorden) er ein fjord på nordsida av SpitsbergenSvalbard. Fjorden er ?? km brei ved munningen og skjerer 109 km rett inn i landet mellom Andrée Land i vest og Margaretas Land (Ny-Friesland) i aust. Han smalnar jamnt av innover og har berre ei sidearm, Vestfjorden, som tar av mot vest i den indre delen. Lengre inn blir Wijdefjorden òg kalla Austfjorden.

Wijdefjorden er den lengste fjorden på Svalbard, lengre enn Isfjorden som skjer inn i Spitsbergen frå vest.

Fjordsidene er bratte, spesielt i vest kor fjella reiser seg nesten loddrett 1000–1165 meter over havet. I aust er fjella litt slakare, opp til 900 meter ytst og 1636 moh. inst i fjorden, og med isbreen Åsgardfonna oppå fjella i aust. Inst og på austsida ligg dei høgste fjella på Svalbard, Perriertoppen og Newtontoppen, båe 1717 meter.

Inst i fjorden fell Mittag-Lefflerbreen heilt ned til fjorden frå det slake partiet heilt i sør, i Dickson Land.

Indre Wijdefjorden[endre | endre wikiteksten]

Indre Wijdefjorden er den sørlegaste (inste) delen av fjorden. I dette området ligg Indre Wijdefjorden nasjonalpark, som utgjer eit område på 1 127 181 dekar. Dette inkluderer landområde på begge sider av fjorden, i tillegg til fjorden sjølv.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 79°23′58″N 15°41′53″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.