Wikipedia-diskusjon:Inga ny forsking

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er litt i tvil om denne. Det må vera tillate å vise til dokumenterte primærkjelder og offentleg tilgjengelege forskingsprotokollar. For eksempel er det slik at «synopsisen» ved Norsk målførearkiv inneheld korrekte opplysningar der feilskrift har ført til faktafeil i publiserte kart.

Eg vil føreslå at vi heller stiller krav til at:

  1. alle påstandar i kvar artikkel må kunna grunngjevast ved tilvising til utgjevne og/eller offentleg tilgjengelege kjelder;
  2. kontroversielle tolkingar av kjeldematerialet bør berre godtakast der det blir ført solide og etterprøvbare argument som viser at dette er den rimelegaste tolkinga;

Vi lyt òg definere kva «andre pålitelege verk/publikasjonar» er. Er ei hovudoppgåve eller doktorgradsavhandling med her? Ein nettstad skriven av ein person med t.d. doktorgrad innan det aktuelle fagfeltet? Er ei privat stensilert dialektordliste samla av ein 70 år gammal lektor i nordiske språk med lokal tilknyting eit påliteleg verk? Og så vidare...

Vi bør òg hugse at det finst mange solide fagfolk på Nynorsk Wikipedia. Eg vil vera tilbøyeleg til å ha stor tru på Brukar:Trondtr|Trond]] sine påstandar om uralske språk, sidan han faktisk har ein doktorgrad i fagfeltet og attpåtil er tilsett ved Universitetet i Tromsø i samband med det aktuelle fagområdet. -- Olve 20. sep. 2005 kl. 20:54 (UTC)

Eg er heilt samd i at det i all hovudsak er truverdige og dyktige fagfolk som bidreg til Wikipedia.
Men poenget med "inga ny forsking"-politikken er at det skal vera viktigare at dét som står i Wikipedia er samanfallande med kunnskap du finn i dei mest pålitelege kjeldene andre stader, enn at det som står i Wikipedia-artiklane er sant.
Difor bør me vera varsame med å akseptera at t.d. nytolkingar av data vert presentert i Wikipedia-artiklar, uansett kor velfundamenterte og etterprøvbare dei er, for dei speglar ikkje kunnskapen elles i samfunnet.
Men inntil dette eventuelt blir eit problem, synest eg at vi skal vera rause med å "godkjenna" kjelder. T.d. synest eg at ei doktoravhandling som er offentleg tilgjengeleg (og der innhaldet er godkjend av ein sensor), er ein tilstrekkjeleg "påliteleg publikasjon" til at innhaldet kan presenterast her.
--Verdlanco\ordskifte 21. sep. 2005 kl. 11:06 (UTC)